Utløpt

Ledige helgestillingar

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
helgestillingar
Sted
Jæren
Frist
Frist utløpt
Varighet
Fast

Beskrivelse: Ved etat for helse og sosial er ledig følgjande helgestillingar for fagarbeidar i helse:

Psykiatri- og rusverntenesta, enetiltak ft. ved Vinkelbygget, Klokkartunet, Varhaug: 5 stk. helgestillinger, ca. 18% med arbeid 3. kvar helg turnus. Nyoppretta helgesstillingar Personlege eigenskapar og erfaring kan kompensera for manglande utdanning. Kontaktperson: leiar Hege Kvia,  tlf: 51 436001, mobil: 99214920.

Hå sjukeheim, avd. for menneske med psykisk utviklingshemming: 4 stk. helgestillingar med arbeid 3. kvar helg. Politiattest nyare enn 3 mnd. må leverast før tiltreding i stilling. Kontaktperson: Leiar Kirsten Kvitvær Leidland, tlf. 51799846.

Ogna distrikt: Helgestillingar med arbeid 3. kvar helg turnus. Fast og vikariat. Politiattest nyare enn 3 mnd. må leverast før tiltreding i stilling. Kontaktperson: Leiar Jorunn Å Fjellheim, mob. 41532730.

Studentar innan relevant høgskuleutdanning kan søkje helgestillingane.

For sjukepleiar- /vernepleiestudentar gis ekstra lønsplassering. Denne gruppa kan i tillegg søkje stipend ved å arbeide 10 helgevakter pr. år, samt vere ferievikar i 100% stilling, min. 4 veker i hovedferien. Stipendet er ft. kr. 20.000 pr. studieår (3 år)

Kvalifikasjoner: Fagarbeidar i helse (hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, helsefagarbeidar), norsk autorisasjon, samt beherske norsk skriftleg og muntleg, fleksibel og har gode samarbeidsevne, ha grunnleggjande datakunnskap eller vere villig til å lære dette.

Søknad kan sendast: Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt dersom du ikkje har høve til det.

Tilsetjingsvilkår: Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.

 

Om arbeidsgiveren

Hå kommune ligg sentralt på Jæren, omtrent 1/2 time reisetid med Jærbanen frå Stavanger.
Kommunen har ca 18.000 innbyggjarar, ei velfungerande skuledrift, full barnehagedekning og gode helsetilbod. Kommunen driv aktiv næringsutvikling. Dugnadskommunen Hå har eit rikt og variert organisasjonsliv og mange tur- og friluftsområde frå hav til hei.

Omfang
Deltid
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
9
Sted
Lyngvegen 14,
4365 Nærbø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Rapportér annonse

FINN-kode
81684201
Sist endret
31. aug 2016 11:39

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hege Kvia
Stillingstittel
Leiar
Kontaktperson
Kirsten K. Leidland /J.Å. Fjellheim
Stillingstittel
Leiar
Telefon
51 79 98 46
415 32 730
Følg firma
120 følger dette firmaet

Lyngvegen 14, 4365 Nærbø

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Rapportér annonse

FINN-kode
81684201
Sist endret
31. aug 2016 11:39