Reinhaldsoperatør
Vestland fylkeskommune
- Frist 28.08.2025
- Ansettelsesform Fast
Reinhaldsoperatør
Vestland fylkeskommune søkjar etter reinhaldar.
Eigedom og utbyggingsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 750.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg.
Eigedom og utbyggingsavdelinga har totalt ca. 400 tilsette. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der reinhaldsleiar har ansvar for 2-4 skuler. Vi har ledig ein fast 80 - 100% stilling som reinhaldar frå 01.10.2025 i region Nord, for tida med oppmøte ved Sogn hage- og jordbruksskule. Den som blir tilsett må pårekne arbeid kvar dag måndag til fredag.
Sogn hage- og jordbruksskule er ein vidaregåande skule som ligg i Aurland, den har elever frå heile landet. Skulen undervising i økologisk landbruk og ligg på den gamle prestegarden Aurdal i Aurland kommune, der det har budd og arbeidd folk i uminnelege tider.
Vi søkjer etter medarbeidar med kompetanse innan reinhaldsfaget.
Vi søkjer primært etter ein person med fagbrev, men søkjarar utan fagbrev kan også vere aktuelle.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skule. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Arbeidsoppgåver
- Utføre reinhald iht reinhaldsplan i CleanPilot.
- Rapportere til reinhaldsleiar.
- Innmelde behov for reinhaldsmateriell.
- Sjå til at maskiner og utstyr blir vedlikehaldne etter bruk
- Bruk av CleanPilot til dokumentasjon for utført reinhald.
- Arbeide i team.
- Kontrollere eige arbeid via Insta 800.
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med fagbrev som reinhaldar.
- Praktisk yrkeserfaring.
- Gode norsk kunnskapar, da arbeidsspråket er norsk.
- God digital kompetanse.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt.
- Ha evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen.
- Fleksibel.
- Kjennskap til databasert verktøy.
- Like å jobbe blant ungdom.
Vi tilbyr
- Spennande oppgåver.
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Gode pensjonsordningar.
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Norsk
- Vedlikehold av utstyr
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skulevegen 24, 5745 Aurland
- Bransje: Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Reinhaldar, Reinhaldsoperatør, Renholder, Renholdsoperatør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 421448895
- Sist endret