Salgsmedarbeider deltid Norli Ringo Husnes
Norli AS - Norli Ringo Husnes
- Frist 29.06.2025
- Ansettelsesform Fast
Salgsmedarbeider deltid Norli Ringo Husnes
Rigmor går av med pensjon kanskje du er den nye kollegaen vår?
Vår gode kollega Rigmor skal pensjonere seg, og vi har lyst til å få inn ein ny person i den koselege bokhandelen vår på Husnes Storsenter. Butikken ligg midt på senteret, og er ein moderne bokhandel med stort utval i alle sjangrar i tillegg har vi ein stor og fargerik Ringo-avdeling full av leiker.
No ser vi etter deg som har lyst til å vere med på å gi kundane ei god oppleving når dei kjem innom. Du må like å prate med folk, og gjerne vere interessert i bøker og/eller andre delar av det vi har i hyllene.
Arbeidskvardagen vil bestå av sal og kundebehandling, varemottak og plassering av varer og alt det andre som skjer i ein levande butikk.
For å gi best mogleg service og skape gode resultat, treng vi deg som tek ansvar, trivst med å jobbe saman med andre og vil vere med på å utvikle både butikken og arbeidsmiljøet.
Vi tilbyr ordna arbeidsforhold og løn etter tariff.
Stillinga inngår i ein fast arbeidstidsplan, der det i hovudsak er kveldar og helger som gjeld, men det er bare positivt om du også kan bidra på dagtid. Det vil også vere moglegheit for meir jobb i feriar og travle periodar.
Som salgsmedarbeidar må du rekne med ekstravakter og endringar i arbeidstid når det trengst spesielt i sesong og ved ferieavvikling eller sjukefråvær.
Vi håpar du kan begynne allereie i sommar, slik at vi faste kan ta oss litt velfortent ferie. Du får god opplæring, og det blir truleg mykje jobb i sommarmånadene. Frå hausten går det over i ei mindre stilling med faste vakter.
Søkjarar må kunne snakke og skrive norsk godt, og vere fylt 18 år.
Åpningstidene for butikken er man - fre: 10-19 og lør: 10-16.
FerdigheterAI-generert
- Gjennomføre aktivt salg
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Sentrumsvegen 15, 5460 Husnes
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt
Nøkkelord
leiker, bøker, brettspel
Annonseinformasjon
- FINN-kode 412358395
- Sist endret