Miljøarbeidar
Vestland fylkeskommune
- Frist 18.05.2025
- Ansettelsesform Fast
Miljøarbeidarar - tilrettelagt avdeling ved Fyllingsdalen videregående skole
Fyllingsdalen videregående skole (FYD) er ein vidaregåande skule med utdanningsprogramma studiespesialisering – toppidrett - musikk, dans og drama (studieførebuande) - helse- og oppvekstfag (yrkesfag og studieførebuande) - påbygg til generell studiekompetanse. I tillegg har skulen nettundervisning
for fysisk syke og ei tilrettelagt avdeling for 20 elevar med særskilte behov. Skulen har om lag 580 elevar og 100 tilsette.
Fyllingsdalen videregående skule har eit personale med høg kompetanse på sine ulike yrkesfelt, stor grad av fagleg samarbeid og høg trivsel både blant tilsette og elevar. Skulen ligg i flotte nyoppussa lokale like ved bybanen og Oasen kjøpesenter og har som mål å vera den føretrekte skulen for elevar i Fyllingsdalen og Bergen vest. Skolen blir stadig meir populær og er den vidaregåande skolen i Bergen som de siste 3 åra har størst auke i søkjartala (+ 50 %).
Skolens behov:
3 faste stillingar i 86,3 % frå 01.08.25
2 vikariat i 86,3 % stilling som miljøarbeidar. Vikariata har ulike tidsperiodar:
1) 01.08.25 - 01.05.26
2) 01.11.25 - 31.07.26
Arbeidsoppgåver
* Være ein trygg vaksen som bidreg til læring, aktivitet og trivsel for elevane våre gjennom skoledagen.
* Være med å organisere og gjennomføre aktivitetar og læringsøktar.
* Ha tilsyn med elevane i pauser og aktivitetar.
* Delta aktivt i danse- og kroppsøvingstimar.
Vi ønskjer å knytte fleire ringevikarar til skulen og TIV (tilsyn i vidaregåande skole). Arbeidstid er kl. 08.00 - 15.30, men kortare oppdrag kan også bli avtalt etter behov. Moglegheit for kortare og lengre vikaroppdrag, heile og halve dagar.
Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg med;
* Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeid eller helsefagarbeid, men relevant erfaring og annan kompetanse vil også bli vurdert.
* Gode språkferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg, gjerne med tegnstøtte.
* Kjennskap til punktskrift og å lede svaksynt.
* Kjennskap til ASK.
* Gode digitale ferdigheiter.
* Ønskjeleg med erfaring innan arbeid i tilrettelagt opplæring, men ikkje eit krav. .
* Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt, og for at dei skal meistre livet som sjølvstendige vaksne.
* Gyldig politiattest krevjast ved tiltreding.
Personlege eigenskapar
* Vi treng stabile, rause og trygge vaksne.
* Gode samhandlingsevner med både vaksne og elevar.
* Er trygg i møte med alle elevar, sjølv om dei utfordrar
* Høy arbeidskapasitet og motivasjon til å bidra til eit godt skulemiljø.
* Forutsigbar og ansvarsfull
* Positiv og godt humør.
* Leken, aktiv og framoverlent.
Vi oppfordrar menn til å søkja da det er overvekt av gutar blant elevane på avdelinga.
Vi tilbyr
* Ein inkluderande arbeidsplass med mykje arbeidsglede.
* Fagleg og personleg utvikling.
* Arbeidstid 37,5 timer/uke gjennom skoleåret (39 uker)
* Lønn etter avtaleverket - som miljøarbeidar.
FerdigheterAI-generert
- Barne- og ungdomsarbeiderfag (AMO)
- Digitale ferdigheter
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Shetland-Larsens vei 23, 5143 Fyllingsdalen
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Skoleassistent, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
miljøarbeidar, assistent, skule, TIV, Fyllingsdalen
Annonseinformasjon
- FINN-kode 405421635
- Sist endret