Skipper
Stiftinga Viti
- Frist 2.6.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Viti har no ledig eit 100% vikariat i 3 månader som skipper og båtansvarleg
Viti søkjer etter ein skipper, primært med erfaring av seglande fartøy innafor skule eller kulturhistorisk ramme. Stillinga har ansvar for drift og vedlikehald av museet sine fartøy «Storeggen av Aalesund», «M/K Heland» og opne tradisjonsbåtar brukt til formidling. I tillegg til kunnskap om det driftsmessige, må vedkomande ha evne og lyst til å arbeide med formidling av kystkultur til ulike målgrupper.
Sentrale arbeidsoppgåver
Skipper på Viti sine båtar i hovudsak Heland og Storeggen
Ansvar for oppfølging av sikkerheitsstyring system om bord.
Utføre og ansvar for dagleg vedlikehald.
Utføre og ansvar for å rigge ned og pakke ned båtane ved sesong slutt.
Utføre og ansvar for utvida vedlikehald gjennom vinteren slik båtane er klare til sesong.
Leiing og oppfølging av frivillige lag knytt til båtane
Vi søker deg som har
Minimum D5 sertifikat med førarrettigheiter
ROC radiosertifikat
Gyldig sikkerheitsskurs
Gyldig helseattest for sjøfolk
Passasjer og krisehandteringskurs
Er seglar og vant til å handtere større seglbåtar
Gjerne utdanna trebåtbygger eller har godt kunnskap om vedlikehald av trebåtar
God kunnskap om vedlikehald av seil og rigg
Vandelsattest
Av personlege eigenskapar ønskjer vi oss deg som er
Sjølvgåande
Positiv
Arbeidssom
Løysingsorientert
Vi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må meistre norsk både skriftleg og munnleg. Begge målformene må kunne nyttast.
Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt.
Vi kan tilby
ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
løn i SK 1091 Teknikar med aktuell lønsplassering i statens sitt lønsregulativ frå kr 493 700 i årslønn ut frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring.
fleksibel arbeidstid og medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.
Den første månaden er prøvetid. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde. Det må påreknast noko reising.
Tilsetting: 01.08.2025 til 01.11.2025
Send ein kortfatta søknad med CV til post@vitimusea.no
Merk søknaden skipper og båtansvarleg VITI.
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.
Ferdigheter
- Faregjenkjennig og risikoidentifiserig
- Helseattest for skip
- Maritim vedlikeholdskompetanse
- Reparasjon og vedlikehold av skip og båter
- Servicearbeid
- Sikkerhetsfag
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med i overkant av 60 tilsette og mange frivillige. Viti er organisert i 3 museumsfagavdelingar; kulturhistorisk avdeling, avdeling for samling og bevaring, og kunstfagleg avdeling. I tillegg kjem administrasjonsavdelinga. Administrasjonen ligg i Ålesund, og dei spesialiserte museumsarenaene ligg i kommunane Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta. Samlingane omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, samtidskunstkunst, jugendstil og folkemusikk.
- Sektor: Privat
- Sted: Museumsvegen 12, 6015 Ålesund
- Bransje: Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Dekksoffiser
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
skipper, båtansvarleg, seglande fartøy, seil og rigg, d5 sertifikat
M/K Heland
Annonseinformasjon
- FINN-kode 405415727
- Sist endret