Studentengasjement - informatikk/IT eller økonomi
- Arbeidsgiver: Finanstilsynet
- Stillingstittel: Engasjement for informatikk/IT, eller økonomistudent (ref.nr. 2024/27)
- Frist: 09.06.2024
- Ansettelsesform: Engasjement
Finanstilsynet fører mellom anna tilsyn med at norske finansføretak har ei hensiktsmessig og trygg verksemd når det gjeld bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og tilbod av betalingstenester. Det skjer ei rask utvikling av teknologiske løysingar i betalingssystemet og i finansføretaka sin bruk av IKT, og den digital sårbarheita aukar. Meir digitalisering vil prege finansnæringa framover. Finanstilsynet følger utviklinga tett og deltar i utviklinga av relevant regelverk.
Seksjonen har nå eit ledig engasjement for informatikk/IT-student eller økonomistudent i ca. 20 prosent stilling på timebasis. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere registrering og oppfølging av innrapporterte IKT-hendingar. Vi ønsker ein student som skal starte eller har starta på masterstudiet. Oppstart vil vere etter avtale. Vi ser for oss at den som søker, ønsker å vere hos oss eit par år.
Arbeidsoppgåver
- registrere mottatte hendingsrapportar
- følge opp mottatte hendingsrapportar
- lage uttrekk av hendingar og àjourhalde statistikkar
Det meste av arbeidet vil skje innanfor normal arbeidstid, men kan tilpassast førelesningar, anna undervisning og eksamen/eksamensførebuingar.
Kvalifikasjonar
- Du må vere ein student med gode karakterar som skal ta til med masterstudiet kommande haust eller som alt er masterstudent, innan informatikk/IT eller økonomi.
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
- Du må ha gode kunnskapar i bruk av Excel og andre IT-verktøy.
Personlege eigenskapar
- Du er initiativrik, tek ansvar for eigne arbeidsprosessar og arbeider strukturert, målretta og nøyaktig.
- Du har gode samarbeidsevner og er komfortabel med teamarbeid.
Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna og motivert for stillinga.
Vi tilbyr
- moglegheit til å bruke kunnskap i praksis og få innblikk i Finanstilsynet si oppfølging av tilsynseiningane sin bruk av IKT
- godt arbeidsmiljø og fagleg dyktige og hyggelege kollegaer
- eit sosialt miljø med kultur- og treningstilbod og idrettsarrangement utanfor arbeidstida
- lokale i Kvadraturen i Oslo sentrum
- timesbasert lønn som per i dag er kr 219,33 per time
Anna
- Etter at søknadsfristen er gått ut, utarbeider vi ei offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25.
- For å bli vurdert for stillinga må du legge ved vitnemål og relevante attestar.
- Du kan skrive søknaden på nynorsk eller bokmål.
- Vi utfører ein bakgrunnssjekk av vedkommande som blir tilsett i stillinga.
- Alle tilsette i Finanstilsynet må følge dei etiske retningslinjene våre, sjå: http://finanstilsynet.no/jobb-hos-oss/#Etiskeretningslinjer
- Finanstilsynet er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hól i CV-en. Dersom det er mogleg, vil vi legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. For positiv særbehandling, sjå: http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
- For nærmare omtale av Finanstilsynet, sjå: www.finanstilsynet.no
Om arbeidsgiveren
Finanstilsynet arbeider for at finansinsføretak og finansmarknader fungerer trygt og effektivt til det beste for samfunnet og brukarane av finansielle tenester. Vi har om lag 340 tilsette og held til i Oslo sentrum. Vi legg til rette for eit godt arbeidsmiljø, tar omsyn til klima- og miljøutfordringar og er sertifisert som Miljøfyrtårn.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Revierstredet 3, 0151 Oslo
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Økonomi og regnskap, IT
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi, IT utvikling / IT-sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
økonomi, informatikk, IT, student
- FINN-kode 354248124
- Sist endret