Ønskjer du å arbeide med ungdom?

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Klubbarbeidar 20% vikariat på Entry ungdomsklubb
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Om stillinga og avdelinga

Det er eit ledige vikariat i 20 % stilling som Klubbarbeidar på Entry ungdomsklubb. Vikariatet er ledig frå 12.08.24-16.03.25. Entry ungdomsklubb har lokale på Ostereidet.

Det arbeidast ein kveld i veka på klubb, på onsdagar kl.13.00-20.30.

Klubben har aktivitet for ungdom i alderen 8.kl-3.VGS og det arbeidast i team på to stk. Det arbeidast også med aktivitet for born og unge i skuleferiar med open hall og på andre aktiviteter.

Klubbane høyrar til avdelinga Ung Alver under tenesteområde kultur. I avdelinga er det fem ungdomsklubbar, juniortilbod, ungdomskoordinatorar, rådgjevar og avdelingsleiar. Avdelinga arbeidar med forebyggande tiltak for ungdom, ungdomsklubbar, juniorklubb, med ungdomsråd, UKM, Mot og aktivitetar for born og ungdom i skuleferiar. Det blir arrangert kurs og aktivitetar for born og ungdom.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide på ein klubbkveld i veka
  • Planlegge og sette i gang aktivitetar for og med ungdom
  • Oppfølging av ungdom, samtaler
  • Vere ein trygg voksen person
  • Samarbeide med føresette
  • Marknadsføring - SOME
  • Kioskarbeid
  • Arbeide på aktivitetar for born og unge i skuleferiar
  • Samarbeide i team med dei andre tilsette
  • Samarbeide med dei andre klubbane i avdelinga

Kvalifikasjonskrav

  • Barn og ungdomsarbeidar eller anna relevant høgare utdanning er ønskjeleg. Men ikkje noko krav. Erfaring frå ungdomsarbeid og klubbarbeid vert høgt vektlagt
  • Personlege eigenskapar: Vi verdset eigenskapar som evna til å byggje sterke relasjonar til ungdomen. Positivitet, kreativitet, løysingsorientering og samarbeidsvilje er viktige eigenskapar. Du engasjerer deg i å bidra til eit godt ungdomsmiljø, og set alltid ungdomen først.

Kven er du?

  • Positiv og engasjert person som trivest med å arbeida for og med ungdom
  • Løysningsorientert, fleksibel, kreativ og har gode samarbeidsevner
  • Er ikkje redd for å ta i eit tak
  • God på relasjonsbygging

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass saman med ungdomane
  • Ein arbeidsplass der ein får utvikle seg, vere kreativ og aktiv
  • Vere med å arbeide for at Alver skal vere ein kjekk og trygg plass for alle ungdomar å vekse opp
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

Det er krav om å levere godkjent politiattest for å arbeide i fritidsklubb jf. Politiregisterforskrifta §34-12.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!


Om arbeidsgiveren

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Sektor
Offentlig
Sted
Kvernhusmyrane 26, 5914 Isdalstø
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Event og arrangementer
Stillingsfunksjon
Omsorg og sosialt arbeid,
Annet

Nøkkelord

kultur, klubb, ungdomsklubb, fritidsklubb, fritid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Katarina Birkeland
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
90 69 69 31
Følg firma
416 følger dette firmaet

Kvernhusmyrane 26, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 353326577
Sist endret 16. mai 2024 19:14

Rapporter annonse