Likar du å jobbe med barn og vil legge til rette for mestring? Gut på 8 år søker etter deg!

Arbeidsgiver
Mio BPA
Stillingstittel
Brukerstyrt personlig assistent
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MIO BPA AS

Eg er ein gut som bur på Stord saman med familien min. Eg likar å vere i aktivitet, å gå på tur, sykle, køyre båt og fiske. Eg er veldig kreativ, og elskar å lage forskjellige ting og eg likar å bake. Eg spelar ulike spel på telefon og nitendo, og har lyst å lære meg å programmera. På fritida mi går eg fortida på symjing og skyting. Eg er 8 år, og går i 2.klasse. Eg er som 8 åringar flest, men eg har nokre utfordringar som gjer at eg treng ekstra bistand i kvardagen. Eg har Cerebral Parese, som gjer at eg har redusert funksjon i høgre sida av kroppen min. I tillegg har eg diabetes type 1. Eg har nokon hjelpemiddel eg nyttar i kvardagen og i aktivitet over lengre avstandar, blant anna sykkel, manuell og elektrisk rullestol.

Då den høgre handa mi har ganske dårleg motorikk, treng eg hjelp til ein del daglege gjeremål. Eg treng og hjelp til å ha kontroll på diabetesen min, samt bytte av medisinsk utstyr. Du må kunne fylgje meg på fritidsaktivitetar, vennebesøk, bursdagar, sykkelturar, og elles bidra med det eg ynskjer å gjere. Eg treng og hjelp til enkel husarbeid og matlaging, samt at du kan motivere meg til å klare ting sjølv.

Som assistent er det viktig at du likar å jobbe med barn, og at du har ein positiv innstilling. Du kan gjerne ta initiativ til å finne på kjekke ting, samtidig som du er forståelses full overfor meg og mine behov. Det er viktig at du har god kjemi med meg og familien min, då vi skal være saman fleire dagar i veka. Det kan også være behov for at du kan være med meg på reise eller rehabiliteringsopphold. Du vil få full opplæring av mamma og pappa.

Stillingstørrelse og arbeidstid

Eg har no ledig 13 timar per veke i mitt vedtak. Med kanskje mogelegheit for meir på sikt. I tillegg har eg dekning for 6 fulle planleggingsdagar med assistanse i løpet av skuleåret. Eg ser etter 1-2 assistentar til mitt team. Spesifiser gjerne i søknaden din kor mykje du ynskjer å jobbe.

Arbeidstida er i hovudsak på kveld, og helg. Men i skuleferiar og planleggingsdagar kan det være vakter på dagtid.

Er du student, eller har eit friår, eller ynskjer ein deltidsjobb – kanskje denne stillinga passar for deg.

Arbeidsoppgaver:

  • Vere med meg på sosiale aktivitetar, for eksempel bursdagsselskap eller vennebesøk
  • Tilrettelegging i leik og ved fritidsaktivitetar
  • Enkelt husarbeid
  • Involvere meg i aktivitetar og gjeremål
  • Motivere meg til å klare ting sjølv
  • Matlaging
  • Handtering av diabetes med tilhøyrande medisinsk utstyr
  • Personleg stell

Kvalifikasjonar:

  • Personleg kjemi er det aller viktigaste
  • Lærevillig
  • Førerkort klasse B er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Glad i barn
  • Positiv og flink til å aktivisere
  • Ynskjer å læra meg å kjenne, og flink til å lese mine behov
  • Tilpassingsdyktig og forståelsesfull


Vi tilbyr:

  • En meningsfylt jobb
  • Teoretisk og praktisk opplæring
  • Relevante kurs
  • Tett oppfølging med BPA-koordinator
  • Erfaring fra helse- og omsorgssektoren
  • Lønn etter tariff


Om arbeidsgiveren

Mio BPA er en av Norges største BPA-leverandører. Vi har lang og bred erfaring, og leverer tjenester i over 120 norske kommuner. Vi har som mål å levere Norges beste BPA-tjenester, og tilbyr skreddersydde BPA-løsninger i henhold til den enkeltes behov. Det er viktig for oss å kunne gi våre kunder den aller beste tjenesten og at vi er den beste arbeidsplassen for våre medarbeidere. Mio BPA er en del av Mio-konsernet som er 100 prosent norskeid.Vi jobber alltid ut ifra disse verdiene: • Respektfull: Vi er åpne og møter andre med vennlighet og forståelse. Alle vi møter skal føle seg sett, anerkjent for den de er og verdifulle.• Pålitelig: Vi er til å stole på og holder det vi lover. Vi opptrer på en måte som gir tillit og trygghet.• Modig: Vi utgjør en forskjell for hvert enkelt menneske vi møter. Vi gir mennesker et bedre liv og frihet til å leve slik de vil.

Sektor
Privat
Sted
5416 Stord
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier,
Helsepersonell,
Omsorg og sosialt arbeid

Nøkkelord

Deltidsjobb, Student, Butikk, BPA, Service

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nora Narum
Følg firma
2353 følger dette firmaet

5416 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 353130265
Sist endret 14. mai 2024 22:44

Rapporter annonse