SFO-leiar ved Lonevåg skule

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
SFO-leiar
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Om stillinga

Lonevåg skule har skuleåret 2023-2024 85 born og 7 tilsette i SFO. Vår SFO-leiar skal over i ei anna stilling i kommunen og vi søkjer derfor etter ein som kan fortsette å leie vår SFO. Det er ei 100% fast stilling, og det ønskjeleg med oppstart frå 01.08.24. Er det deg vi ser etter?

Som SFO-leiar har du ansvar for dagleg drift og utvikling av SFO. Du vil ha delar av arbeidsdagen på kontor med administrasjons- og leiaroppgåver, og delar av dagen vil du vere til stades i SFO. Du skal blant anna organisere og leie aktivitetar for barna i SFO-tida.

Vi ser etter ein person som er omsorgsfull, kreativ og flink til å samarbeide med både barn, foreldre og kollegaer.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å leie, drive og utvikle skulefritidsordninga (SFO)
  • Som ein del av skulen si leiing vil du vidareføre og utvikle heile skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap
  • Følgje opp og vidareutvikle godt samarbeid mellom skule og SFO
  • Administrative oppgåver knytt til dagleg drift av SFO. Merkantile oppgåver som: dagleg drift, planar, søknadar SFO, skyss, fruktordning og evt ansvar for vikarinnhenting og bemanningsplanlegging. Andre oppgåver kan og bli tildelt
  • Rettleie tilsette i det daglege arbeidet, og ha ansvar for å planlegge og leie faste møte med tilsette i SFO
  • Leie og drive kompetanseutvikling i personalet i tråd med rammeplan for SFO

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Godt arbeidsmiljø
  • Rom for personleg og fagleg utvikling
  • Gode forsikrings og pensjonsordningar

Kvalifikasjonskrav

  • Barnehagelærarutdanning evt. fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget med vidareutdanninga Kvalitet i SFO
  • Erfaring med leiing frå skule, barnehage og/eller SFO er ønskjeleg
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape gode relasjoner
  • Evne til å leie og motivere eit team
  • Kompetanse i endringsprosessar og utviklingsarbeid er ønskeleg
  • Gode digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein aktiv og engasjert leiar som er opptatt av barna sin trivsel og utvikling
  • Du er ein god rollemodell i samhandling med barna
  • Du er ein varm og tydeleg leiar som stiller høge krav i eit utviklingsorientert læringsmiljø
  • Du er strukturert, men fleksibel nok til å sjå gode og nye løysingar
  • Du kommuniserer godt med barn, foreldre og kollegaer
  • Du har gode samarbeidsevner og bidrar til å skape eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!

Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!


Om arbeidsgiveren

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.

Sektor
Offentlig
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Undervisning og pedagogikk / Førskolelærer,
Undervisning og pedagogikk / Skoleassistent

Nøkkelord

SFO, skole, skolefritidsordning, leder, barnehagelærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tove Balestrand
Stillingstittel
Rektor
Telefon
92 89 63 28
Følg firma
176 følger dette firmaet

Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 352503677
Sist endret 16. mai 2024 14:14

Rapporter annonse