Handballtrenar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Handballtrenar
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.

Sotra vidaregåande skule ønskjer å tilsette ein timelønna handballtrenar til å trene ein toppidrettsgruppe.


Arbeidsoppgåver

  • Trene elevane i Toppidrett Handball.
  • Planlegging av undervisning i samarbeide med faglærar, jamfør læreplan. Tett oppfølging av einskilde elevar. Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing. Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt.
    Treningstider: Tysdagar og torsdagar 8:15 - 9:30. Onsdagar: Kvar tredje onsdag 8:15 til 11:00. Treninga foregår på Sotra Arena.

Kvalifikasjonar

Trenerkompetanse i handball
Ønskjer å utvikle utøvere både teknisk, fysisk og mentalt
Samarbeidsvillig og liker å jobbe i team
Gode relasjonelle og pedagogiske eigenskaper
Viser stort engasjement i ditt fagområde Kommunisere godt på norsk, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Ønskjer ein engasjert handballtrenar som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
Du er fleksibel og ser moglegheiter.
Du har gode samarbeidsevner.
Du har nye idear, høg motivasjon og handlekraft.
Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartar.


Vi tilbyr

Løn etter kvalifikasjonar.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling.
Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette.

Andre opplysningar

Treningstider: Tysdagar og torsdagar 8:15 - 9:30. Onsdagar: Kvar tredje onsdag 8:15 til 11:00. Treninga foregår på Sotra Arena.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.
ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Stillinga som trenar er timelønna.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
5353 Straume
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Trener / Personlig trener,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Håndballtrener

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jaspreet Kaur Gloppen
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
41 29 23 47
Kontaktperson
Erik Henneli
Stillingstittel
None
Telefon
95 82 60 77
Følg firma
1078 følger dette firmaet

5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 351895081
Sist endret 7. mai 2024 09:07

Rapporter annonse