Barn og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Barn og ungdomsarbeidar
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Ønsker du eit godt arbeidsmiljø og er glad i barn, så søk på denne stillinga i Lyefjell barnehage!

Lyefjell barnehage har ledig 90% fast stilling som barne og ungdomsarbeidar med oppstart 01.08.2024, eller etter avtale. Me søker deg som er opptatt av å skape eit trygt og inkluderande miljø for barn, foreldre og tilsette. Lyefjell barnehage er ein 2-avdelings kommunal barnehage i sentrum av Lye.

Lyefjell barnehage er ein god arbeidsplass med mykje glede og kompetanse. Me har ei stabil personalgruppe som er lett å bli kjent med. Personalet ser på barn som ressurspersonar, som bidrar positivt i fellesskapet. Personalet gir god omsorg, leik og læring og er autoritative voksne. Vi er opptatt av gode relasjonar i lag med barn, foreldre og kvarandre.


Arbeidsoppgåver

Du har ansvar for å gi barna ein god kvardag i tråd med rammeplan og barnehagelova sitt formål. Du bidrar til positivt samarbeid, deler kunnskap, erfaring og informasjon. Personalet skal i samarbeid og forståing med heimen til barna, vareta barna sitt behov for omsorg og leik. Du skal bidra med å fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Du liker å leike/undervise barn i aldren 1-6 år. Vi har stort fokus på estetisklæringsstil, der barna lærer gjennom sansar og kjensler. Du vil bidra med observasjon og gje rett hjelp, til rett tid og på rett stad overfor barna. Du er sensitiv overfor enkeltbarn og barnegruppa. Du tar barns perspektiv og er god på reguleringsstøtte. Du legger tilrette for læring og utvikling.

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonar - Vi søker etter barne og ungdomsarbeidar, andre med relevant fagbrev kan vurderas til stillinga. Personsammensetning vil bli vurdert.

Du er positiv, sprer glede og tar initiativ. Du er personlig egna og emosjonelt tilgjengeleg overfor barna. Du tar ansvar, du ser arbeidsoppgåver som skal utførast og er løysningsfokusert. Du ønskjer å yte sørvice og kvalitet overfor barn og foreldre i barnehagen. Du har gode sosiale ferdigheter og god kommunikasjonsform i møte med andre.
Du er utdanna barne og ungdomsarbeidar eller har anna relevant fagutdanning. Du er ein autoritativ vaksen som har gode relasjonar til barna samtidig som du set krav og grenser. Du kan reflektere profesjonelt med dine medarbeidarar og evaluera læringsformer og resultat. Du må kunne bidra i utviklingsarbeid i forhold til inkluderande barnehagemiljø. Foreldra ser at du er tilstede for barna og høyre at barna snakker positivt om deg. Du tar initiativ til leik og læring i møte med barna, og bruker heile dagen som læringsarena.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr
    Godt arbeidsmiljø med medarbeiarar som er opptatt av barns beste heile dagen og eit positivt samspel. Vi er ein lærande organisasjon som nytter planer, dokumentasjon, refleksjon og vurdering. Vi utvikler og tar i bruk våre kunnskapsressurser slik at virksomheten totalt blir i stand til å meistra daglege utfordringar og etablera ny praksis når det er nødvendig. Vi har tett fagleg sammarbeid med UIS. Det er i tillegg gode pensjonsordnigar i Time kommune.
  • Lønn etter tariff/avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Sentervollen 29, 4347 Lye
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Omsorg og sosialt arbeid
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

barn, ungdomsarbeider, barnehage

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lyefjell barnehage
Stillingstittel
Styrar
Telefon
95 21 23 32
Følg firma
609 følger dette firmaet

Sentervollen 29, 4347 Lye

Annonseinformasjon

FINN-kode 350967379
Sist endret 30. apr. 2024 14:24

Rapporter annonse