Inaktiv

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule
Stillingstittel
Miljøterapaut Os ungdomsskule
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Har du sosialfagleg kompetanse og vil vere med å leggje til rette for trivsel, meistring og læring for elevar?
Os ungdomsskule har frå 01.08.2024, ledig inntil 2, 78% årsengasjement for miljøterapeut.

Vi søkjer deg som vil vere med å bidra til godt læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.

Arbeidsstad
Os ungdomsskule. Os ungdomsskule ligg sentralt til i Os sentrum, har 60 tilsette og 480 elevar fordelt på 5-6 klassar på kvart trinn. Verdigrunnlaget vårt bygger på tre fokusområde: "Meistring, tryggleik og anerkjenning". Oppdraget i Kunnkapsløftet 2020 er sentralt i vårt arbeid med å fornya verdigrunnlaget, prinsipp for læring og arbeidet i klasserommet.

Arbeidsoppgåver
Leggje til rette for positiv utvikling for alle elevar, bl.a. ved arbeid med læringsmiljø og psykososiale faktorar og setje i verk utviklingsstøttande tiltak - altså vere mykje saman med elevar, både i friminutta og elles.
Arbeide førebyggande på individnivå, gruppenivå, klassenivå og skulenivå.
Vere ein ressurs/rettleiar inn mot kollegiet innan psykisk helse og livsmeistring.
Ha tett samarbeid med andre tilsette, føresette og hjelpeinstansar.

Kvalifikasjonar
Treårig høgskule-/universitetsutdanning innan miljøterapeut eller vernepleie.
Det er ønskjeleg med erfaring innan psykososialt arbeid med barn og unge.
God relasjonskompetanse.
Søkjarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Ønska kvalifikasjonar
Vi søkjer etter kloke og fagleg dyktige medarbeidarar som har evne til å skapa gode relasjonar til elevane.
I tillegg til formell kompetanse, er vi opptekne av personlege eigenskapar:
Positiv, engasjert, lojal og støttande både i høve elevar, tilsette og samarbeidspartar.
Kan jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
Tydeleg og god på kommunikasjon.
Strukturert og systematisk, kreativ og løysingsorientert.
God forståing av skulen som organisasjon.

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Komprimert arbeidstid i 38 veker. Du vil dermed ha fri i elevane sin haust-, jule-, vinter-, og påskeferie og mesteparten av sommarferien

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Oshaugen 6, 5202 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger

Nøkkelord

Miljøterapaut, Vernepleier, Vernepleiar, Skule, Skole

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Diana Voinea Johansen
Telefon
90 65 28 47
Følg firma
491 følger dette firmaet

Oshaugen 6, 5202 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 350929993
Sist endret 15. mai 2024 00:00

Rapporter annonse