Inaktiv

Barne- og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Frist
29.04.2024
Ansettelsesform
Engasjement
Tu SFO søkjer etter to personar i 50 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar.

Me har moderne lokale som innbyr til god leik og varierte aktivitetar. Me er ein PALS-skule der me legg vekt på positiv samhandling og støttande miljø.

Til hausten aukar talet på elevar som skal nytta SFO til 90 barn. Me treng derfor fleire gode vaksne med på laget!

Den eine barne- og ungdosmarbeidaren vil ha hovudansvar for eit barn med barneautisme. Den andre som vert tilsett vil vera ansvarleg for leksehjelp av nokre få elevar i tillegg til vanlege aktivitetar på SFO. Me har eigen kokk frå hausten 2024, og andre tilsette på SFO treng derfor ikkje å ha ansvar for å laga mat.

Me søkjer deg som er engasjert, sjølvstendig og fagleg trygg. Du må og ha gode samarbeidsevner.

Arbeidsoppgåver

Stilling 1 (ansvar for elev med barneautisme)

- Tilretteleggja for at barnet skal meistra SFO-kvardagen.

- Systematisk trening (språk, ADL-ferdigheiter osv).

- Samarbeid med kollega.

- tett samarbeid med føresette.

Stilling 2 (miljøarbeidar på SFO med ansvar for leksehjelp)

- leia aktivitetar innan kultur, leik og fysisk aktivitet.

- ansvar for leksehjelp.

- Samarbeid med kollega og føresette.

Kvalifikasjonar

- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.

Personlege eigenskapar

- Du har ein autoritativ vaksenstil.

- Du er god til å byggja relasjonar.

- Du er robust.

- Du fremjar arbeidsglede, har godt humør og bidreg positivt i arbeidsmiljøet.

Vi tilbyr

- Spanande og utfordrande oppgåver.

- Godt arbeidsmiljø.

- Moglegheit til å påverka oppgåver på SFO ut frå eigne interesser.

Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Ansettelse skjer for øvrig på dei vilkår og med dei plikter som fremgår av utlysing, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.
Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk

Om arbeidsgiveren

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er "Med blikk for alle".  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Solavegen 1, 4351 Kleppe
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Skoleassistent,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

SFO

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vibeke Sola
Stillingstittel
Rektor
Telefon
40 28 87 26
Følg firma
244 følger dette firmaet

Solavegen 1, 4351 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 348724316
Sist endret 30. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse