Deltidsekspeditør Samnanger

Arbeidsgiver
Vinmonopolet
Stillingstittel
Deltidsekspeditør
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med A/S Vinmonopolet

Deltidsekspeditør

Vil du bli ein del av Noregs beste faghandel?


I butikken vår på Samnanger jobbar vi kvar dag for å skape gode kundeopplevingar. Vi søkjer ein engasjert og dyktig kollega - er dette deg?

Medarbeidarane våre er kjende for høg kompetanse og god service. Som butikkmedarbeidar hos oss er du Vinmonopolets viktigaste ansikt utetter, og ved å rettleie kundane i vareutvalet bidrar du til gode kundeopplevingar. Du er òg med på å sikre at vi sel med ansvar ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar. Stillinga er på 2,5 timar i gjennomsnitt per veke, der arbeidstida vil vera 5 timar annankvar laurdag. Du treng ingen forkunnskapar så lenge du har lyst til å lære!

 

Kva kan vi tilby deg?

Vi er først og fremst trivelege og dyktige folk som har eit sterkt engasjement for faget vårt, kundane våre og samfunnsoppdraget vårt. Vi er i tillegg opptatt av å skape ein inkluderande kultur, der alle skal kjenne seg velkomne og kunne vere seg sjølve.

  •  Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Eit hyggjeleg og inkluderande arbeidsmiljø
  • Grundig opplæring som gir unik kompetanse innanfor faget vårt, og jamleg varefagleg oppdatering
  • Bli ein del av ein raus og inspirerande delingskultur
  • Bli ein del av ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, og som har berekraft høgt på dagsordenen
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår og medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gode forsikringsordningar (for medlemskap krevst minimum 20 % stilling)

 

Arbeidsoppgåvene dine vil vere:

  • Skape det beste kundemøtet ved å gi kunderettleiing om produkta våre
  • Sikre ansvarleg sal ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar
  • Kassaarbeid og varehandtering
  • Diverse butikkarbeid

 

Personlege eigenskapar:

Du er blid og serviceinnstilt og brenn for å gi det beste kundemøtet. Du er engasjert, fleksibel og opptatt av å finne gode løysingar. Du evnar å sjå, lytte og forstå behova til ulike menneske. Som person er du sjølvgåande og har gode samarbeidsevner. Som tilsett hos oss identifiserer du deg med verdiane våre: solid, raus og dynamisk.

For å jobbe hos oss må du ha fylt 20 år og ha gode norskkunnskapar. I tillegg bør du ha fullført treårig vidaregåande opplæring (eller tilsvarande). Det er ein fordel om du har interesse for mat og drikke.

Høyrest dette ut som noko for deg? Søk på stillinga! Ta kontakt med butikksjef Sissel Irene Espelid på tlf. 924 56 614 eller e-post sissel.irene.espelid@vinmonopolet.no viss du har spørsmål om stillinga.

 

Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.

Søknadsfrist: 30.04.24

Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20. Vitnemål og attestar tek du med dersom du bli kalla inn til intervju.

 

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Du må vere over 20 år for å jobbe hos oss, men elles ønskjer vi oss medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og livserfaring og ulike perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysingar.

Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg.

Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern (https://www.vinmonopolet.no/personvern)


Om arbeidsgiveren

Vinmonopolet er det viktigaste verkemiddelet samfunnet har for ansvarleg sal av alkohol. Vi er den største vinbutikken i verda, med vel 35 000 produkt, og har einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl. Med på laget har vi over 2 000 stolte, engasjerte og dyktige medarbeidarar, fordelte på nærmare 350 butikkar, kundesenter, netthandel og administrasjon. Vi er på jakt etter deg som vil vere med å ta vare på det gode omdømmet vårt og bidra til at vi held fram med å vere ein faghandel i verdsklasse.
Dette gjer vi gjennom kundemøte prega av fagkunnskap, god service og ansvarskjensle. I tillegg vil du vere ei viktig brikke i arbeidet med å gjere Vinmonopolet til ei føregangsverksemd på berekraft. Vi skal vere rå på fag, stolte kvar dag og best saman som lag.

Sektor
Offentlig
Sted
Bjørkheim 16, 5652 Årland
Bransje
Butikk og varehandel
Stillingsfunksjon
Butikkansatt

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sissel Irene Espelid
Stillingstittel
Butikksjef
Telefon
92 45 66 14
Følg firma
2716 følger dette firmaet

Bjørkheim 16, 5652 Årland

Annonseinformasjon

FINN-kode 348675227
Sist endret 15. apr. 2024 10:21

Rapporter annonse