Inaktiv

Få eit forsprang i arbeidslivet!

Arbeidsgiver
Skatteetaten
Stillingstittel
Veileder i førstelinje (deltidsstilling)
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Skatteetaten

Skatteetaten treng fleire telefonrettleiarar i førstelinje på Leikanger (deltid).

Dette er faste 30 %-stillingar, der arbeidstida vil vere tilpassa både pressperiodane våre når vi treng ekstra støtte, og studiane og eksamensperiodane dine. Vi ser føre oss at du jobbar ein dag i veka, opp mot fulltid i ein månad i ein av pressperiodane våre (desember, januar, mars eller april), og i feriar.

Arbeidet vil på den måten vere fleksibelt og tilpassa både deg og oss. I tillegg vil denne jobben kunne gi deg god og relevant erfaring for utdanninga di.

Våren 2023 tilsette vi 15 studentar i tilsvarande stillingar på Leikanger, og vi har fått gode tilbakemeldingar på denne ordninga. Studentane vi rekrutterte då synest ordninga dekker behovet deira for ei deltidsstilling både med omsyn til fleksibilitet og arbeidstid, og dei trivst godt i jobben. Vi meiner vi har lykkast veldig godt med denne ordninga.


Kva går jobben ut på?

Du vil bli ein del av teama i førstelinje som gir rettleiing og informasjon om skatt og avgift. Det vil primært vere rettleiing over telefon, men du skal også gi skriftleg rettleiing. I denne jobben er det viktig at du kommuniserer tydeleg og forståeleg – for å forstå brukarane sine problem, og for at du kan hjelpe dei på rett spor slik at dei kan handle riktig.

Vi har som mål at brukarane våre i størst mogleg grad får løyst problemet sitt første gong dei kontaktar oss. Derfor er denne jobben i førstelinje ekstremt viktig for oss!

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Det er ønskjeleg at du har starta på høgare utdanning, helst innanfor økonomiske/administrative eller juridiske fag. Fag innanfor til dømes kommunikasjon, marknadsføring og service kan også vere relevante. Oppfordrar spesielt første års studenter til å søka.
  • Du likar å snakke med andre menneske og har gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.
  • Gode digitale ferdigheiter – særleg navigeringskompetanse er viktig for desse stillingane.

Kva ser vi etter hos deg?

Du er omgjengeleg i møte med andre, er fleksibel i arbeidskvardagen og hjelper gjerne kollegaene dine når det er behov for det. Vi forventar ikkje at du kan svare på alt med ein gong, men du er sjølvstendig nok til å prøve å finne svara med dei verktøya vi har og i samarbeid med andre. Du er eit servicemenneske som har brukarane sine behov i fokus, du har eit godt og smittande humør og du trivst i ein hektisk kvardag.

Kvifor skal du velje oss?

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur vi du vil trivast hos oss! Hos oss får du moglegheit til å jobbe med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkande organisasjon som har stor tillit i befolkninga.

Du får også medlemskap i Statens pensjonskasse, ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg og moglegheit til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir om dette på spk.no.

I tillegg vil det vere mogleg å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det lar seg gjere.

Du blir tilsett som konsulent i lønnstrinn 47, som p.t. tilsvarar kr 480 900 i årslønn ut frå 100% stilling.

Verdt å merke seg før du søkjer
Vi vil at du skal kjenne deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvend referansesjekk. Det betyr at du får ringe nokon av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønskje for å finne ut om vi er ein god match.

Vi ønskjer at du leverer ein god og forklarande CV i staden for eit søknadsbrev, og at du legg ved det du har av karakterutskrifter og vitnemål frå den høgare utdanninga di.

Vi er på jobb for alle og skal vere ein god stad å jobbe for alle. Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår, og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og oppførsel. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetting eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer på stillinga hos oss. Det gir deg moglegheit til å få positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å bli unntatt frå denne søkjarlista. Du må i så fall grunngi kvifor du ønskjer dette. Vi tar deretter stilling til om vi kan innvilge ønskjet ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.

Om arbeidsgiveren

Vel ein jobb der du får utfordre deg sjølv gjennom å løyse utfordringar for andre. Vi sikrar finansieringa av velferdssamfunnet ved å sørgje for at alle bidreg med det dei skal. Vi gjer det på vegner av fellesskapen, fordi velferd er noko som kjem alle til gode. Folk har høg tillit til oss, og vi jobbar kvar dag for å fortene denne. Vi består av eit direktorat, seks divisjonar med landsdekkjande ansvar, og viktigast av alt: over 7 000 engasjerte tilsette som er stolte av arbeidsplassen sin. Vil du bli betre kjent med oss og alt vi held på med? Les meir på skatteetaten.no.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Offentlig administrasjon,
Økonomi og regnskap,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Kundeservice,
Saksbehandler
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

Skatteetaten, Leikanger, student, veileder, skatt

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Steinar Røysum
Stillingstittel
underdirektør
Telefon
90 14 53 70
Kontaktperson
Siv Kristin Torvund
Stillingstittel
underdirektør
Telefon
99 53 68 53
Følg firma
4050 følger dette firmaet

Njøsavegen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 348010223
Sist endret 29. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse