Utløpt

Brenn du for barn og ernæring? Vi søkjer kjøkkenassistent/pedagog (kokk)

Arbeidsgiver
Læringsverkstedet Krikane Barnehage AS
Stillingstittel
Brenn du for barn og ernæring? Vi søkjer kjøkkenassistent/pedagog (kokk)
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Læringsverkstedet Krikane barnehage søkjer deg som ønskjer å bidra til at barna i barnehagen får servert sunn og næringsrik mat kvar dag! Læringsverkstedet har utvikla måltidskonseptet "Eit godt måltid" i samarbeid med Arne Brimi og Ryfylkekokken Frode Selvaag. Fokus er på gode råvarer og god smak, og at barna skal få vere aktive deltakarar frå "jord til bord". All mat lagast frå bunnen av, og vi bakar brød kvar veke. Kjøkkenet skal vere ein pedagogisk arena på lik linje som resten av barnehagen. Kan lese meir om det her:https://laringsverkstedet.no/om-oss/mat

Læringsverkstedet Krikane opna i 2007, og er ein 4-avdelingsbarnehage. Vi har ein flott og stor uteplass med gode moglegheiter for aktiv utfolding og matlaging utandørs, og vi ligg "midt i smørauget" for turmoglegheiter. Vi er i nærleiken av sjø, skog og idrettsbane, og den nye sentrumsskulen ligg berre eit steinkast unna. Vi lagar gjerne mat på tur òg.

Har du interesse for matlaging, liker å ha mange ballar i lufta samtidig som du er strukturert, ja då er kanskje dette stillinga for deg! Vi ønskjer oss ein kollega som kan bidra til å løfte "eit godt måltid" til noko meir enn berre mat som næring. Vi ønskjer oss eit kjøkken som på mange måter er hjertet i barnehagen!

Du treng ikkje vere fagutdanna kokk, men må ha interesse for mat og matlaging, ha eit hjerte for det du driv med og kunne takle eit høgt tempo. Du må òg inneha gode samarbeidsevner med store og små, og må vere villig til å steppe inn på avdeling ved behov. Gode norskkunnskaper er viktig. I stillinga ligg det ansvar for oppsett av meny; planlegging, gjennomføring og evaluering, samt innkjøp og eit visst overblikk på budsjett.Du vil òg få ansvaret for å utføre enkelte hms/internkontroll-oppgåver som har med kjøkkendrift å gjere.

Er du den vi ser etter? Søk da vel!


  • Personleg eignaheit vil vektleggast
  • Politiattest må leggast fram før tiltreding (jmf barnehageloven § 30)
  • Stillinga er 80% fast og 10% vikariat

Arbeidsoppgåver

- Planlegging og innkjøp av mat
- Tilberede frokost, lunsj og ettermiddagsmåltid, frukt og grønt
- Opprydding etter måltider
- Utføre enkelte hms/internkontroll-oppgåver knytta til kjøkkendrift
- Gi barn gode mat-opplevingar
- Ivareta barns behov for omsorg og tryggleik i barnehagen
- Medverke til eit godt foreldresamarbeid

Kvalifikasjonar

  • Helst tidligere erfaring frå barnehage, men ikkje eit krav
  • Gjerne erfaring frå kjøkken/kafe/restaurant-bransjen, men ikkje eit krav
  • Stor interesse for mat og ernæring
  • Erfaring med å tenke økonomi og utnytting av råvarer er ein fordel,eller interesse for å tilegne deg kunnskap
  • Kunnskap om og/eller interesse for å tilegne deg kunnskap om mat-allergi og andre mat-omsyn
  • Meget gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg, minimum B1(jf. barnehageloven § 27)
  • Ei helse som tilsei at du kan vere i aktivitet heile arbeidsdagen
  • Kjent med IK-mat og HACCP, eller interesse for å tilegne deg kunnskap
  • Gyldig politiattest
  • Utdanna pedagog, barne- og ungdomsarbeidar eller kokk, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Indentifiserer deg med Læringsverkstedets verdiar; "Leken og ambisiøs, Raus og tydelig"
  • Utvise hjertekultur overfor barn og vaksne
  • Strukturert og ordenssans
  • Kunne jobbe sjølvstendig og i team, og har høg gjennomføringsevne
  • Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Faglege ambisjonar og hjerte for det du driv med, har driv og evne til å arbeide godt og effektivt, samt likar nye utfordringar
  • Forståing av små barn si utvikling og behov
  • Kunne legge til rette for at barn kan delta i oppgåver på kjøkkenet
  • By på deg sjølv, og vere ein kollega resten av personalet gler seg til å møte
  • Positiv haldning

Vi tilbyr

  • Tariffavtale gjennom PBL og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Eit arbeidsmiljø prega av humor og rause kollegaer
  • Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
  • Læringsverkstedet sitt løfte til alle tilsette: "Hos oss har du alle moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og menneskeleg, og gjere verdas viktigaste jobb på best mogleg måte"
  • Kompetanseutvikling gjennom Læringsverkstedet Akademiet og jevnlige samlingar
  • Delekultur: Vi deler den kunnskapen vi har med kvarandre og håper du har nokon nye og spennande idèar du kan dele med oss. Vi samarbeidar med andre Læringsverkstedet barnehagar
  • Ressursbank for alle tilsette med tilgang til mykje felles materiell, elektroniske verktøy, ferdiglagde malar og støttesystem
  • Store moglegheiter til å påverke din eigen arbeidskvardag
  • Eit attraktivt pedagogisk matkonsept som har gode og oversiktlege retningslinjer for arbeidet

Om arbeidsgiveren

Læringsverkstedet har 6 000 ansatte som jobber med de viktigste verdiene som finnes, nemlig barn. Vårt mål er å få disse verdiene til å vokse – i kunnskap og mestring, i trygghet og empati. Med 250 barnehager og 20 000 barn, er Læringsverkstedet en av Norges største private barnehageeiere. Læringsverkstedet eies og drives av pedagoger, og selskapets hovedkontor med fellesadministrasjon ligger på Jessheim i Ullensaker kommune. Les på https://laringsverkstedet.no for mer informasjon.

Vi ser etter medarbeidere som ønsker å bidra og gi av seg selv, som evner å lytte til andre, dele erfaringer og styrke felles ambisjoner. Viljen til hele tiden å bli bedre, både faglig og menneskelig, er en forutsetning for alle som jobber i Læringsverkstedet. Læringsverkstedet har et løfte til alle ansatte: "Hos oss har du alle muligheter til å utvikle deg både faglig og menneskelig, og gjøre verdens viktigste jobb på best mulig måte."

Sektor
Privat
Sted
Haugsetvegen 57, 6230 Sykkylven
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kokk,
Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider,
Mat og servering
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Kokk, Kjøkkenmedarbeidar, Pedagog, Matansvarleg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eva Helen Haram
Stillingstittel
Styrer
Telefon
92 12 21 98
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

Haugsetvegen 57, 6230 Sykkylven

Annonseinformasjon

FINN-kode 346958281
Sist endret 4. apr. 2024 13:57

Rapporter annonse