Inaktiv

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Halhjem barneskule
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent ved Halhjem barneskule
Frist
19.04.2024
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig eit 55% vikariat som fagarbeidar/assistent i perioden 01.08.2024 - 30.06.2025

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring, LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020) og Rammeplan for SFO. Bjørnafjorden kommune med ca. 26.000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Hausten 2022 opna ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid.

Arbeidsstad
Halhjem barneskule ligg i sentralt i bustadområde på Halhjem og rett ved 600-busslinja til Bergen. Skulen har slik det ser ut per d.d. 109 elevar og i underkant av 20 medarbeidarar skuleåret 2024/25. Skulen ligg like ved Søre Neset idrettsanlegg med fotballbaner, volleyballbane, skatepark etc. Vi ligg flott plassert med naturen tett på og gode fasilitetar for ein aktiv skuledag og SFO året rundt. Vårt arbeid er forankra i visjonen vår: "Med trivsel, tryggleik og læring opnar vi dører mot verda og framtida". Satsingsområda våre tek utgangspunkt i LK20 og vi jobbar kontinuerleg med grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning. Godt skule- og læringsmiljø er alltid i fokus. I tillegg til satsingsområde knytt FAL, fysisk aktiv læring. SFO har sjølvsagt utgangspunkt og forankring i den nye rammeplan for SFO.

Arbeidsstad
Halhjem barneskule.

Arbeidsoppgåver
Oppfølging av enkeltelevar i gruppe, klasse og ev. SFO.

Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men søkarar med anna relevant udanning og erfaring vil bli vurdert. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. Søkarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Eigenskapar
Vi søker etter medarbeidarar som:
- er løysingsorientert, omsorgsfull, inkluderande og raus.
- er fleksibel
- kan jobbe sjølvstendig
- har gode evner til samarbeid og å skape gode relasjonar til barn og vaksne
- er ein tydeleg og engasjert rollemodell
- evnar å imøtekomme/bistå barn med komplekse utfordringar
- jobbe tett på enkeltbarn
- kan vere med på symjeundervisning

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og skulen sitt behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn på intervju fortløpande. Det kan bli moglegheit for oppjustering av stilling ved ev. auka behov i skule og sfo.

 Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Skoleassistent,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger

Nøkkelord

Fagarbeider, Fagarbeidar, Assistent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Starheim
Telefon
99 69 12 62
Følg firma
483 følger dette firmaet

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 346955311
Sist endret 20. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse