Inaktiv

Lærar i tysk

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar i tysk
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.


Vi søkjer etter lærar i 23 % vikariat i tysk.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i tysk.
  • Tett oppfølging av einskilde elevar.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeide
    med elevar, kollega og skuleleiing.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt.
  • Samarbeide med kollega om elevane si læring og utvikling.

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse i tysk, gjerne kombinert med andre fag.
  • Pedagogisk utdanning.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode IKT kunnskapar.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for
    ungdom.
  • Du har stort engasjement for faget.
  • Du bidrar til elevanes faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
  • Du har gode dugleikar i kommunikasjon og relasjonsbygging, både ovenfor elever og andre samarbeidsparter.

Vi tilbyr

Løn etter kvalifikasjonar.Gode forsikrings- og pensjonsordningarInkluderande og godt arbeidsmiljø.Gode moglegheit til eigen læring og utvikling.Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass. Trimgrupper for tilsette.

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført påoffentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla førsøkjarlista vert offentleggjort. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Branndalsmyra 61, 5353 Straume
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Tysk, Lærer, Vikariat

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Christian Johnsen
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
40 04 30 09
Kontaktperson
Erik Henneli
Stillingstittel
assisterande rektor
Telefon
95 82 60 77
Følg firma
1074 følger dette firmaet

Branndalsmyra 61, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 345195153
Sist endret 8. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse