Inaktiv

Assistent på biblioteket - 20 % årsvikariat

Arbeidsgiver
FYRESDAL KOMMUNE
Stillingstittel
Bibliotekar
Frist
08.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med FYRESDAL KOMMUNE

Sektor for kultur og oppvekst søker assistent i 20 % vikariat. Vikariatet er ledig frå 01.08.2024. Vikariatet gjeld onsdagar med arbeidstid kl. 12.30-20.00.

Fyresdal folkebibliotek er ein del av kulturavdelinga i kommunen og ligg under sektor for kultur og oppvekst. Biblioteket har ljose og gode lokale og ligg midt i hjarta av områda barnehage, skule, idrettshall, klubblokale og helsestasjonen. Det er godt samarbeid med barnehage og skule og opningstida er tilpassa for å vere tilgjengeleg i deira opningstid. Biblioteket er ein viktig kulturarena og skal fylle rolla som både møteplass og arrangementsstad. Biblioteket er også eit viktig lågterskeltilbod.

Stillinga som assistent på biblioteket inneber:

  • Inn- og utlån via datasystem
  • Fjernlån
  • Finne passande litteratur
  • Vere til stades for ungdom og andre lånarar
  • Rydding og anna førefallande arbeid

Kvalifikasjonar:

Krev ingen formell utdanning, men det er ynskjeleg med relevant erfaring.

Vi søker ein person som:

  • Er utadvent og har gode kommunikasjonsevner
  • Er serviceinnstilt og glad i direkte publikumskontakt
  • Har gode formidlingsevner og evne til å skape leselyst
  • Har evne til å jobbe nøyaktig og systematisk
  • Har engasjement og interesse for litteratur
  • Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • Løn etter avtale.
  • Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
  •  Barnehageplass frå dag ein i kommunen

Kontaktperson ved spørsmål: 

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar kultur, Hilde Martini Momrak, på hilde.momrak@fyresdal.kommune.no eller 95 27 09 05.

Tilsettingsvilkår:

  • Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk. 
  • Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest av ny dato.
  • Den som blir tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. 
  • Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve.

Søknadsfrist:

Søknadsfrist for stillinga er 08.04.2024.

Velkomen som søkar!

Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring. Attester og vitnemål vil bli etterspurt ved behov. Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

NB. Vi opplever nokre utfordringar i samband med opplasting av vedlegg til søknadane. Vi ber deg derfor om å laste opp vedlegga dine i PDF-format (og ikkje Word-format). Vedlegga kan alternativt ettersendast via post, e-post eller E-dialog.

Om arbeidsgiveren

Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal!

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal
Bransje
Arkiv og bibliotek
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hilde Martini Momrak
Stillingstittel
Avdelingsleiar kultur
Mobil
95 27 09 05
Følg firma
10 følger dette firmaet

Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 345051408
Sist endret 9. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse