Inaktiv

Forskningsteknikar (sommarvikar) ved Dyreavdelinga, Klinisk institutt 1

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Forskningsteknikar (sommarvikar) ved Dyreavdelinga, Klinisk institutt 1
Frist
11.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Universitetet i Bergen

Forskningsteknikar (sommarvikar) ved Dyreavdelinga, Klinisk institutt 1

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Forskingsteknikar 

Ved Dyreavdelinga, Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet, er det ledig fleire sommarvikariat som forskingsteknikar både heiltid og deltid i perioden frå april/mai til og med august 2024.

Deltaking i helgevakter kan inngå i stillinga.


Arbeidsoppgåver:

  • Stell og tilsyn av dyr og kvalitetssikringsarbeid knytt til dyreforsøk. Forsøk med dyr er regulert av fleire forskrifter og internkontrollrutinar
  • Den som vert tilsett vil og drive opplæring av avdelinga sine brukarar knytt til dyr, utstyr, helse, miljø og tryggleik

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer ein ansvarsmedviten person som er glad i dyr og folk, og med interesse for forsking, som kan inngå i vårt arbeidsteam i sommar.

  • Relevant utdanning frå vidaregåande skule eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang og relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå arbeid med dyr er ein føremon
  • Kurs i forsøksdyrlære etter forsøksdyrforskrifta sitt minimum krav om slik opplæring (§24 Vedlegg E, 1-10) eller kurs i forsøksdyrlære tilsvarande FELASA A, B eller C er ein føremon, men ikkje eit krav
  • Må ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, men og kunne samarbeide med både kollegaer og forskarar
  • Søkjar må vere fleksibel, ha evne til problemløysing, vere serviceinnstilt og imøtekomande
  • God munnleg og skriftleg norsk og engelsk er eit krav

Ved vurdering av søkjarar vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.


Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn er fortida kr 428 100 - 460 600 (kode 1512 lønssteg 38-44). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Leder av Dyreavdelingen professor Lise Madsen, e-post: lise.madsen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Følg firma
1205 følger dette firmaet

Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 345023571
Sist endret 12. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse