Utløpt

Bli med å utvikla bibliotektilbudet for barn og unge på Osterøy

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Barne og ungdoms bibliotekar - 50% fast stilling
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Om stillinga

Me søker nokon til å vera med å utvikla bibliotekstilbudet for barn og unge på Osterøy.

Me vil:

  • Gjera biblioteket til ein attraktiv møteplass for barn og unge og familiar.
  • Gje barn og unge kjekke kulturopplevingar.
  • Fremja leselyst og bygga lesekultur i lag med barn, foreldre, skular og barnehagar.

På Osterøy kultursmie i Lonevåg finn du bibliotek, frivilligsentral, ungdomsklubb, med meir. Me er ein ny organisasjon, i full utvikling, med stort spenn i kompetanse og oppgåver.

Dette er ein arbeidsplass for deg som vil få ting til å skje. Som likar å treffe nye menneske kvar dag, til samvær, service og samskaping.

 


Arbeidsoppgåver

  • Formidle litteratur og kultur til barn og unge på bibliotek, skular og barnehagar.
  • Førebu og gjennomføra arrangement, verkstader, aktivitetar og presentasjonar.
  • Delta i samarbeid med skular og barnehagar om bibliotektilbudet.
  • Delta i utvikling av Kultursmia sin rolle som møteplass i lokalsamfunnet.
  • Delta i felles driftsoppgåver på biblioteket.
    • Stillinga innber faste kveldsvakter.
    • Helgearbeid (laurdag) kan verte påkrevd.

Kvalifikasjonar og eigenskaper

Den viktigaste kvalifikasjonen til denne stillinga er den erfaringa du har med å formidla kultur til barn og unge. Personlige eigenskaper vil bli lagt vekt på.

Kvalifikasjonar

  • Dokumentert erfaring med kulturformidling til barn og unge.
  • Relevant faglig kompetanse kan vera:
    • Bibliotekfag
    • Pedagogikk
    • Barne og ungdomsarbeider
  • Du må ha førerkort klasse B for å kunne betjene stillinga.
  • Du bør ha erfaring med planlegging og gjennomføring av arrangement.
  • Du bør ha oppdaterte kunnskaper om litteratur og andre typer barne og ungdomskultur.
  • Det kan bli stilt krav om vidareutdanning som villkår for tilsetting.

Eigenskaper

  • Du har ei interesse for kultur som du trives med å formidla i varierte situasjonar.
  • Du likar å prøve ut nye idear og kan bidra både fagleg og praktisk i samarbeid med andre.
  • Du er ein trygg vaksen som skapar gode relasjonar og ser dei som treng det mest.

Vi tilbyr

  • Fagleg utvikling og tett samarbeid mellom kollegaer
  • Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer
  • Tariffløn, offentlig pensjonsordning og arbeidsvilkår etter gjeldande lov-avtaleverk

 


Om arbeidsgiveren

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.

Sektor
Offentlig
Sted
Lonevågen 5, 5282 Lonevåg
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Henrik Carlsen
Stillingstittel
Leiar Osterøy kultursmie
Telefon
56 19 26 01
Følg firma
174 følger dette firmaet

Lonevågen 5, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 344657282
Sist endret 29. apr. 2024 11:32

Rapporter annonse