Utløpt

COOP MARKED OLDEN søkjer tilkallingshjelp og ferievikar for sommarsesongen 2024

Arbeidsgiver
Coop Marked Olden
Stillingstittel
Tilkallingshjelp
Frist
31.03.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Vi søkjer ein engasjert og blid medarbeidar som likar ein utfordrande og variert arbeidsdag. Du er oppteken av å gje god service, og bidreg aktivt til at kundane våre trivst. Som tilkallingshjelp har du høve til å stille på kort varsel ved uventa fråvær i butikken, eller i høgsesongar og under ferieavvikling. I sommarsesongen vil arbeidsturnusen være både på dagtid/ kveld, laurdagar og søndagar.

Arbeidsoppgåvene dine blir:
• Kundehandsaming
• Varemottak / Vareplassering
• Kasse
• Førefallande reinhald og rydding

Våre forventningar:
Du er hjelpsam og imøtekommande, og set alltid kunden først. Du jobbar effektivt og målretta, kan være fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø i butikken. Du må kunne godt norsk, både skriftleg og munnleg. I tillegg er det ein fordel at du kan snakka engelsk, då Olden er ein turiststad med vekentleg besøk frå cruiseskip i sommarhalvåret.Du må ha fylt 18 år.

Vi kan tilby
Varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får god opplæring og høve til ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-kurs program. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.

Interessert?
Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Kjell Nedrebøpå tlf. 928 28 405

Søknad og CV registrerast på: www.deibestefolka.no

Søknadsfrist: 31. mars 2024

Om arbeidsgiveren

Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 179 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.

Sektor
Privat
Sted
Fv 60, 6788 Olden
Bransje
Butikk og varehandel
Stillingsfunksjon
Butikkansatt
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjell Nedrebø
Stillingstittel
Butikksjef
Telefon
92 82 84 05
Følg firma
444 følger dette firmaet

Fv 60, 6788 Olden

Annonseinformasjon

FINN-kode 343878593
Sist endret 23. apr. 2024 16:40

Rapporter annonse