Utløpt

Dagleg leiar i Undheim sokn

Arbeidsgiver
Time kyrkjelege fellesråd
Stillingstittel
Dagleg leiar i Undheim sokn
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Dagleg leiar i Undheim sokn
40-50 % fast stilling

Då noverande dagleg leiar går over i ny stilling internt blir stillinga som dagleg leiar i Undheim ledig frå 01.04.2024. Vi søker etter ein strukturert, nytenkande og engasjert person som saman med stab og sokneråd kan vere med å gjere kyrkja til eit naturleg samlingspunkt for Undheimsbygda. Du som søker må trivast med mange ballar i lufta og kunne handtere både administrativt arbeid og arbeid med menneske. Du må vere ein tydeleg leiar som evner å engasjere dei tilsette og frivillige i kyrkjelyden. Som dagleg leiar vil du få arbeide i ein kyrkjelyd som brenn for bygda si og kyrkja på Undheim. Visjonen til Undheim kyrkje er "Ein stad å møta nye venner, søkja Gud og få del i oppdraget".


Arbeids- og ansvarsområde

1. Legga til rette for soknerådet sitt arbeid ved å:

  • organisera og marknadsføre den daglege aktiviteten i Undheim kyrkjelyd.
  • fylgja opp plan- og kyrkjelydsarbeid
  • rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar
  • dagleg ansvar for kyrkjelyden sin økonomi
  • førebu saker for soknerådet, vera sekretær under møta og fylgja opp vedtak

2. Leia personalet og dei frivillige medarbeidarane ut frå soknerådet sine mål, retningslinjer gitt av kyrkjeverje/fellesråd og gjeldande lover og reglar.

Vi ønsker at du som søker

  • har eit ønskje om at flest mogleg skal bli kjent med Jesus
  • har utdanning innan personalleiing og/eller økonomiske- eller administrative fag
  • gode leiar-, samarbeids-, og kommunikasjonsevner
  • kjennskap til kyrkjeleg administrasjon eller anna offentleg forvaltning
  • gode it-kunnskaper
  • erfaring kan kompensera for utdanning

Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.

Vi tilbyr

  • ein spanande jobb i eit positivt og særs triveleg stabsfellesskap
  • lønn etter avtale og i samsvar med KA sin hovudtariffavtale
  • pensjonsordning i KLP

Søker må vera medlem i Den norske kyrkja.
For meir informasjon, ta kontakt med kyrkjeverje Jostein Aarbakke Tollaksen tlf 909 88 880 eller soknerådsleiar Hanne Brit Sandsmark tlf 996 26157.

Søknadsfrist 07.04.2024
Ønska oppstart: Snarast mulig.

Om arbeidsgiveren

Undheim sokn omfattar Undheim skulekrins i Time kommune. Bygda har om lag 1200 innbyggjarar. I kyrkja som vart innvigd i 2011, er det stor aktivitet for alle aldersgrupper. Det er gudstenester annankvar søndag med eit godt frammøte. Undheim har eigen prest i 100% stilling. Soknet har felles kontor med Time og Bryne sokn og kyrkjeverje sentralt i Bryne-byen. Staben ved Time kyrkjekontor utgjer omlag 20 stillingar.

Sektor
Offentlig
Sted
Erlandsbakken 6, 4340 Bryne
Bransje
Kirke og menighet
Stillingsfunksjon
Menighetsarbeid
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jostein Tollaksen
Stillingstittel
Kyrkjeverje
Telefon
90 98 88 80
Kontaktperson
Hanne Brit Sandsmark
Stillingstittel
Soknerådsleiar
Telefon
99 62 61 57
Følg firma
175 følger dette firmaet

Erlandsbakken 6, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 343705415
Sist endret 22. apr. 2024 12:16

Rapporter annonse