Utløpt

Helgestillingar

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Stillingstittel
Helgestillingar
Frist
18.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Avdelingane på Luranetunet bu- og behandlingssenter har ledige stillingar med arbeid på helg. Du har helsefagleg utdaninng, eller om du er i eit helsefagleg utdanningsløp vil dette vere verdifull praksis i høve utdanninga di. Men er du ufaglært og har interesse for arbeid med menneske er du også velkomen til å søkje, og tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert opp i mot det som er relevant for stillinga.

Arbeidstad
Kun nokre minuttars køyring frå Bergen ligg Luranetunet bu- og behandlingssenter. Senteret rommar 2 korttidsavdelingar, 7 langtidsavdelingar samt serviceavdelingar. Luranetunet sin visjon er "Varme og vekst i samspel".
Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.Vi har og ein flott innebygd tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette.

Arbeidstid og stillingsstorleik
Arbeidstid vil vera på helg anten fredag, laurdag, søndag eller berre laurdag og søndag. Det kan vera aktuelt med annakvar helg, tredje kvar helg eller kvar fjerde helg i langvakter. Skriv gjerne i søknaden kva du ønsker. Vi avtaler arbeidstid og stillingsprosent etter behov og ønske.

Kvalifikasjonar:
- Du har helsefagleg utdanning eller er i eit utdanningsløp. 
- Du har relevant arbeidserfaring og interesse for å arbeide med menneske og vurderer gjerne å ta helsefagleg utdanning
- Du har god norsk munnleg og skriftelg framstillingsevne
- Det vil bli lagt vekt på dine personlege eigenskapar

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi kallar inn til intervju og gjer tilsetjing fortløpande så send gjerne søknad snarast.

Vi kan tilby

  • God oppfølging og rettleiing i avdelinga
  • Løn etter gjeldande avtalar, studentavlønning for relevant utdanning
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

 Det vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Solstrandsvegen 39, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg,
Annet
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier,
Sykepleier

Nøkkelord

helgestilling, sykepleier, helsefagarbeider, helsepersonell, vernepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ass. einingsleiar Hilde Karin Storum
Telefon
97 67 07 17
Kontaktperson
Einingsleiar Anne Berit Karlsen
Telefon
90 20 21 64
Følg firma
483 følger dette firmaet

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 343206861
Sist endret 18. apr. 2024 20:00

Rapporter annonse