Utløpt

Barnesakkyndig kommisjon søkjer nye medlemmer

Arbeidsgiver
Statens sivilrettsforvaltning
Stillingstittel
Vil du vere medlem av Barnesakkyndig kommisjon i perioden 2024-2028?
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Vil du vere medlem av Barnesakkyndig kommisjon i perioden 2024-2028?

Om stillinga og arbeidsoppgåver

Barnesakkyndig kommisjon (BSK) (https://www.sivilrett.no/bsk) skal bidra til god fagleg standard på rapportar frå uavhengige sakkunnige. Først når ein rapport er vurdert av kommisjonen, kan han gi grunnlag for særlege tiltak etter barnevernslova eller leggjast til grunn i ei foreldretvistsak for domstolen etter barnelova. BSK er ein uavhengig og landsdekkjande kommisjon. 

BSK består i dag av ein kommisjonsleiar og 19 kommisjonsmedlemmer. Statens sivilrettsforvaltning utøver sekretariatsfunksjonar for kommisjonen. 

Kommisjonsmedlemmene skal utføre arbeidet frå der dei bur, og sakshandsaminga skjer elektronisk. Arbeidsmengda vil variere, men det må som utgangspunkt reknast ca. 5 - 10 timar arbeid i veka. Arbeidet blir betalt per time etter gjeldande salærsatsar. 

Medlemmene vil få opplæring. Det vil jamleg bli halde faglege samlingar.

Kommisjonen blir oppnemnd for ein periode på fire år. Oppstart er frå 1. september 2024


Kvalifikasjonar

Kommisjonens medlemmer skal ha relevant fagleg kompetanse innanfor kommisjonens ansvarsområde. Ein søkjar bør vere psykologspesialist eller psykiater med relevant spesialisering. Medlemmene skal ha høg fagleg og personleg integritet. God rolleforståing blir vektlagt.

I samansetninga av kommisjonen skal det leggjast vekt på at kommisjonen samla sett har brei klinisk, vitskapleg og sakkunnig erfaring (jf. forskrift om Barnesakkyndig kommisjon § 2).

Søkjarar bes opplyse om deira erfaring med sakkunnigarbeid er knytt til barnevern- eller barnelovsaker, eller begge område.

Vi ser etter deg som er fleksibel, effektiv, har stor arbeidskapasitet og er fortruleg med elektroniske arbeidsprosessar. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

I tillegg til fagleg samansetning skal det ved oppnemning takast omsyn til kjønn, geografisk tilhøyrsle og etnisk bakgrunn.


Andre opplysningar

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk til jobbnorge innan 02.04.2024.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan bli oppførte på offentleg søkjarliste sjølv om dei har bede om å bli handsama konfidensielt . Søkjarar vil i so fall bli varsla før offentleggjering.

Det kan vere aktuelt å innhente referansar. 

Det er Barne- og familiedepartementet (BFD) som oppnemner medlemmer til kommisjonen.


Har du spørsmål?

For meir informasjon om BSK, sjå nettsidene til Statens sivilrettsforvaltning, www.sivilrett.no/bsk (https://www.sivilrett.no/bsk). 

Viss du har spørsmål, kan du kontakte  kommisjonsleiar Frida Rø Gullestad på telefon 408 67 455, alternativt sekretariatsleiar Martine Bakken Miller på telefon 22 99 13 54.  


Om arbeidsgiveren

Barnesakkyndig kommisjon (BSK) skal bidra til god fagleg standard på rapportar frå uavhengige sakkunnige. Først når ein rapport er vurdert av kommisjonen, kan han gi grunnlag for særlege tiltak etter barnevernslova eller leggjast til grunn i ei foreldretvistsak for domstolen etter barnelova. BSK er ein uavhengig og landsdekkjande kommisjon. 
BSK består i dag av ein kommisjonsleiar og 19 kommisjonsmedlemmer. Statens sivilrettsforvaltning utøver sekretariatsfunksjonar for kommisjonen. 
Sjå www.sivilrett.no/bsk for meir informasjon.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
19
Sted
Holbergs gate 1, 0166 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon,
Annet
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog,
Lege / Psykiater

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frida Rø Gullestad
Stillingstittel
kommisjonsleiar
Telefon
40 86 74 55
Kontaktperson
Martine Bakken Miller
Stillingstittel
sekretariatsleiar
Telefon
22 99 13 54
Følg firma
142 følger dette firmaet

Holbergs gate 1, 0166 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 342199188
Sist endret 11. apr. 2024 16:16

Rapporter annonse