Utløpt

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Arbeidsgiver
Vang kyrkjeleg fellesråd
Stillingstittel
Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Me ynskjer å tilby ei kombinasjonsstilling som organist og trusopplærar. Det er og mogleg å søke på berre ei av stillingane, men dette må komme tydeleg fram i sjølve søknaden.


Det er ledig stilling som organist i 60 % frå 01.05.2024

Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein lang tradisjon med kyrkjemusikk og konsertar i fjellkommunen Vang? Me kan tilby gode instrument i tradisjonelle kyrkjer, fleksibilitet i arbeidet, eit godt arbeidsmiljø og i tillegg; eit variert lokalt musikkmiljø. Organisten går inn i eit nært samarbeid med sokneprest og stab.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Lede og videreutvikle det kyrkjemusikalske livet i meinigheita
  • Samarbeid om planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar, i tett samarbeid med soknepresten og den øvrige staben
  • Samarbeid om trusopplæringa, og samarbeid mellom kyrkja og skulen i Vang
  • Legge til rette for kyrkjekonsertar, musikkandaktar og korarbeid
  • Koordineringsansvar for kulturelle arrangement i kyrkja, utleiekontraktar og anna organisering rundt dette
  • Utarbeide kyrkjemusikalsk plan
  • Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle arbeidsoppgåver ved arbeidsfellesskapet

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Relevant kyrkjemusikalsk utdanning og arbeidserfaring
  • Allsidige orgel- og pianoferdigheiter, gjerne også andre instrument
  • Kjennskap til norsk gudstjenestetradisjon og liturgi
  • Kompetanse og erfaring med kor og musikalsk arbeid for barn og unge

Kvalifiserte søkjarar vil bli innkalla til intervju og prøvespel.

Det er og ledig stilling som trusopplærar i 20 % frå 01.05.2024

Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein god tradisjon med trusopplæring i fjellkommunen Vang? Me kan tilby kompetanse på fagfeltet, fleksibilitet i arbeidet og godt arbeidsmiljø. Trusopplæraren går inn i eit nært samarbeid med sokneprest og stab.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av trusopplæringstiltak i tråd med trusopplæringsplanen vår
  • Samarbeid med sokneråd, stab og frivillige
  • Publisering og markedsføring
  • Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle oppgåver i arbeidsfellesskapet

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Utdanning og/eller erfaring innanfor pedagogikk og kristendom
  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom

Følgande punkt gjeld begge stillingane

Personlege eigenskapar:

  • Du har initiativ og gjennomføringskraft
  • Du har evne og vilje både til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig
  • Du har evne til å motivere, inkludere og sjå frivillige som en viktig ressurs
  • Du er fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver
  • Du trives med kvelds- og helgejobbing

Særskilte krav:

  • Du må beherske norsk munnleg og skriftleg, samt ha grunnleggande kunnskap om dataverktøy
  • Du må være medlem av Den norske kyrkje og utføre tenesta i samsvar med Den norske kyrkjes ordningar, grunnverdiar og visjonar
  • Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
  • I stillinga inngår kvelds- og helgearbeid
  • Den som tilsetjast vil bli bedt om å legge fram godkjent politiattest, jamfør trossamfunnsloven §20, og politiregisterloven §39, første ledd

Me kan tilby:

  • Tilsetjing på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler
  • Eit godt arbeidsfellesskap
  • Løn etter KA’s tariffavtale
  • Medlemskap i KLP pensjonsordning
  • 6 månaders prøvetid

Personleg eignaheit blir vektlagt.

Annet

Spørsmål om stillingane kan rettast til:

  • Kyrkjeverje Silje Hammerstad, mobil 902 42 171 eller sh466 at kirken.no
  • Sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland, mobil 926 53320 eller il597 at kyrkja.no

Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar sendast via webcruiter, innan 1.april 2024.

Me ynskjer og å opplyse om at det blir utlyst ei stilling iløpet av våren som dirigent for brassbandet Fjellblom musikklag, med inntil 20% stilling.
Ved spørsmål vedrørende stillinga, ta forbindelse med; Jon Eggen, mob. 901 86731

  • Å bu i Vang kommune:

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc.
  • Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet.
  • Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter.
  • I Vang er SFO gratis for alle barn! Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling.
  • I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr

  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Byggeklare tomterfleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solidekontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eityrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift.
  • Vang kommune har også eingod kulturskulemed stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har einstorarta natursom innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!
  • Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn.
  • I Vang finn du også store delar avJotunheimenog ikkje minst festivalenVinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule.
  • Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i eidistriktskommune med positiv folketalsutvikling

  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her påVangiValdres: https://www.vangivaldres.no/
  • Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
  • Meir info om arbeids - og bumarkedet i Valdres finn du påVelgValdres: https://www.valdres.no/velgvaldres

Om arbeidsgiveren

Vang høyrer til Valdres prosti i Hamar bispedømme. Vang er den vestlegaste av kommunane i Valdres, på grensa mot Sogn, og dermed midt mellom Oslo og Bergen. Me har ca. 1650 innbyggarar, med kulturskule, korps og kor, i tillegg til eit vidt spekter av anna frivillig arbeid.
Kyrkja i Vang har 4 sokn; Heensåsen, Høre, Vang og Øye, med 6 kyrkjer - deriblant 2 stavkyrkjer og ei økumenisk fjellkyrkje.
Staben består av sokneprest, kyrkjeverje, trusopplærar, kyrkjetenarar, klokkarar, reinhaldarar, kyrkjegardsarbeidar og organist. 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Tyinvegen 5175, 2975 Vang i Valdres
Bransje
Kirke og menighet
Stillingsfunksjon
Menighetsarbeid
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Silje Hammerstad
Stillingstittel
Kyrkjeverje
Telefon
90 24 21 71
Kontaktperson
Ingebjørg Vik Laugaland
Stillingstittel
Sokneprest
Telefon
92 65 33 20
Følg firma
175 følger dette firmaet

Tyinvegen 5175, 2975 Vang i Valdres

Annonseinformasjon

FINN-kode 340974340
Sist endret 2. apr. 2024 12:12

Rapporter annonse