Seniorkonsulent
Universitetet i Bergen
- Frist 31.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Seniorkonsulent
Seniorkonsulent
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ei ledig stilling som seniorkonsulent (20 %) med tilsetjing 1. januar 2024. Personen som blir tilsett vil vere kommunikasjonskonsulent med ansvar for nettsider, nyhendebrev og årsrapportar ved senteret. Dette er arbeid som krev samhandling med forskingsmiljøet både nasjonalt og internasjonalt. Arbeidsspråk er både norsk og engelsk.
Arbeidsoppgåver:
- Utvikle og implementere ein kommunikasjonsstrategi.
- Formidling og spreiing (både innad og utad, nasjonalt og internasjonalt) av nyhende om forskingsaktivitetar og resultat (t.d. pressemeldingar, nettsider, sosiale media, nyhendebrev m.m.).
- Støtte og planlegging av interne og eksterne arrangement.
- Operativt ansvar for eksisterande og nye kommunikasjonskanalar.
- Samarbeid med relevante kommunikasjonsmiljø ved UiB.
- Samordning og design av trykksaker som årsrapportar og liknande.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha bachelorgrad i kommunikasjonsfag eller andre relevante fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Søkjar må ha lang erfaring i formidling av medisinsk forsking.
- Søkjar må kunne kommunisere flytande på norsk (begge målføre) og engelsk, skriftleg og munnleg.
- Lang digital erfaring, inkludert Office-pakken og praktisk erfaring med designprogram som Adobe InDesign.
- Søkjar bør ha god erfaring i UiB si webløysing og bruk av sosiale media
Vi søkjer ein person som
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
- Er positiv og engasjert
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn som seniorkonsulent (kode 1363) er for tida kr 557 100 - 615 700 (lønssteg 57 - 63). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/)
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Bettina Husebø bettina.husebo@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Årstadveien 17, 5018 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Konsulent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330799993
- Sist endret