Miljøterapeut/spesialutdanna miljøterapeut
Bufetat
- Frist 31.12.2023
Miljøterapeut/spesialutdanna miljøterapeut - fast 46 %
Miljøterapeut - 46 % fast stilling
Kollen ungdomsbase er ein statleg barnevernsinstitusjon for ungdom i alderen 13 - 18 (20) år som av ulike årsaker har behov for omsorg utanfor heimen.Ungdommane er plassert etter Lov om barnevernstenester.
Institusjonen ligg i Vestnes kommune og har 8 plassar, to avdelingar med plass til 4 ungdommar i kvar avdeling inkludert institusjonshyblar.
Kollen ungdomsbase har ei sosialpedagogisk tilnærming med vekt på kognitiv miljøterapi i tillegg til traumesensitiv omsorg. Vi legg vekt på at ungdommane innafor trygge rammer, og i samhandling og aktivitetar med vaksne, skal oppleve mestring og ny læring for å oppnå endring og utvikling. Målet for miljøterapien er at ungdommane skal utvikle hensiktsmessige tanke- og handlingsmønster slik at dei kan handtere kvardagen sin på ein best mogleg måte.
Kollen ungdomsbase har ledig ei 46 % fast stilling som miljøterapeut/spesialutdanna miljøterapeut frå dd. Stillinga er for tida i dag- og kveldsturnus og nokre lange vakter på inntil 16 timar. For tida fri på helg. Turnusen kan tilpassast noko etter behov. Det er ønskjeleg at du kan ta vikarvakter i tillegg til deltidstillinga.
På grunn av fag- og kjønssamansettinga i personalgruppa, vert særleg menn oppmoda om å søkje.
Arbeidsoppgaver
Arbeids- og ansvarsområder vil mellom anna vere:
- Målretta og systematisk arbeid etter arbeidsmodellar frå Kognitiv miljøterapi. Traumesensitiv og profesjonell omsorg. Legge til rette for og ta initiativ til kvardags- og fritidsaktivitet som gjev ny læring og mestring.
- I kvardagen må du vere ein stabil og truverdig vaksen og ein god rollemodell som kan planlegge og oppretthalde god struktur.
- I det daglege samarbeider ein med ungdommane, kollegaer, føresette og eksterne samarbeidspartar som skule og psykisk helsevern. I tillegg skal ein utføre daglege praktiske oppgåver ved institusjonen.
Miljøterapeutane vert i det daglege leia av avdelingsleiar.
Kvalifikasjoner
Kva slags bakgrunn har du?
Følgjande krav ligg til stillinga:
- Fullført bachelorutdanning som barnevernspedagog eller sosionom. Vernepleiarar og anna relevant bachelorutdanning med 180 stp. kanòg vurderast.
- For tilsetting som spesialutdanna miljøterapeut må du ha relevant vidareutdanning med minimum 60 stp.
Det er også ønskjeleg at du har:
- Relevant vidareutdanning eller god kjennskap til Kognitiv terapi.
- Nyare relevant erfaring frå arbeid med ungdom - helst frå institusjonsarbeid.
- Robust helse då arbeidet med målgruppa er psykisk og fysisk krevjande.
- Gode munnlege og skriftelege norskkunnskapar, gode IT-ferdigheiter og førarkort kl.B med manuelt gir.
Personlige egenskaper
Kven ser vi etter?
- Du må vere ein trygg og sjølvstendig vaksen som kan samarbeide og kommunisere godt med andre samtidig som du kan jobbe sjølvstendig og strukturert.
- Som godt eigna miljøterapeut er du kjenneteikna ved å vere fleksibel utan å vere ettergjevande, sensitiv utan å miste den naudsynte profesjonelle distansen. Du er kjenneteikna ved at du kan bruke din autoritet uten å vere undertrykkande. Du er vital og optimistisk og ser små framsteg som viktige sigrar.
- Du må kunne ta imot rettleiing og arbeide med eiga utvikling.
- For oss er det viktig at du har evne til å skape god kontakt med ungdommane og at du er ein positiv ressurs for arbeidsmiljøet.
Dette vert vektlagt i den totale vurderinga ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut,p.t. kr 466 600 - 584 500 pr. år (ltr. 45-60). Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom,1509 spesialutdanna vernepleiar eller1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 532 200 - 646 000 pr. år (ltr. 54-66). Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som innebærer en god tjenestepensjonsordning, mulighet for tilbud om boliglån til konkurransedyktige betingelser, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
I tillegg kan vi tilby:
- Opplæring, kurs, personalsamlingar og sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Rettleiing i Kognitiv terapi.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiane deira eit enno betre tilbod - noko som er ein verdi i seg sjølv.
Informasjon til deg som søkjar: - Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enno betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rette kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tiden lagt tilKollen ungdomsbase, Vestnes.
- Politiattest må leggast fram ved tilsetting, viser til lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og føresegn om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønskjet ditt ikkje vert teke til følge.
- Vi ber om at det vert gitt opp minimum to referanser som er fagleg relevant og av nyare dato.
Søknad med CV sendast elektronisk via lenkja på denne sida.
Vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik og lengde, skal lastast opp elektronisksom vedlegg i Webcruiter, og i tillegg takast med til eit eventuelt intervju.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regioner har som hovedoppgave å drive etatens institusjoner og familievernkontor. I tillegg har regionene ansvar for fosterhjemsrekruttering og oppgaver knyttet til adopsjon. Barn, unge og deres familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett hvor de bor i Norge. Bufetat sine fem regioner rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagt Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region Midt-Norge består av fylkene Trøndelag og Møre og Romsdal. Regionens administrasjon er lokalisert i Trondheim.
- Sted: Myrakollen 2, 6390 Vestnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid, Sosionom
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Miljøterapeut, Miljøterapi, Deltid, Sosial fag, Sosialt arbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 330607406
- Sist endret