Helgestilling - Ambulerande miljøtenester
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
- Frist 31.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Helgestilling - Ambulerande miljøtenester
Ambulerande miljøtenester har ledig to helgestillingar på 32,16 % og 29,81 % med arbeid 3. kvar helg frå snarast.
Arbeidsstad
Ambulerande miljøtenester er lokalisert på Askviknes. Det er ei todelt avdeling der delar av personalgruppa har som oppgåve å følgje opp bebuarar som leiger bustad i bygget, medan nokon følgjer opp heimebuande i kommunen. Dette er ei diagnoseuavhengig avdeling som bistår personar som har varierte behov, på ulike måtar. Det er både sjølvstendig arbeid og arbeid i team saman med andre. Me arbeider tverrfagleg, og er opptatt av godt samarbeid både mellom personalet, med tenestemottakarane våre og deira pårørande.
Arbeidsoppgåver
Dei daglege arbeidsoppgåvene kan bestå i alt frå følgje til ulike aktivitetar, praktisk bistand i forbindelse med matlaging, husarbeid, gåtur, fiske, dra på kino, handle og liknande.
Du vil arbeida i tverrfagleg team og yte tenester etter vedtak i helse- og omsorgstenestelova. Du kan få ansvar for bådeindividuell - og gruppebasert oppfølging, samt arbeida i 2:1-team. Avdelinga har ansvar for oppfølging avvaksne som på grunn av ulike utfordringar har behov for helsehjelp.
Helgestillingar har arbeid kvar 3. helg med ordinære vakter fredag, og langvakter laurdag og søndag.
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar eller annan relevant utdanning.
- Vi oppfordrar også studentar til å søkje
- Det er ønskeleg med arbeidserfaring frå kommunalt psykisk helse- og rusarbeid,
- Du likar utfordringar, tar initiativ til å arbeida for forbetringar og gode løysingar
- Du har evne til å arbeida målretta og ha god struktur
- Du har evne til å byggja gode relasjonar både overfor brukarar og kollegaer
- Må ha førarkort klasse B
- Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Som medarbeidar må du lika å arbeida sjølvstendig, men samstundes vera fleksibel, god på samarbeid itverrfagleg team og villig til å påta deg ansvar. Vi har ei kommunal helseteneste med stor bredde i type oppgåver og det er til tider ein hektisk kvardag. Hjå oss har vi ein kultur der alle bidreg ved behov. Du som søkjer desse stillingane må difor trivast med mange og varierte arbeidsoppgåver i ein travel kvardag.
Det vert lagt særskild vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
Assistent, Helsefagarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329938113
- Sist endret