Seniorkonsulent
Universitetet i Bergen
- Frist 15.12.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Seniorkonsulent knytt til forskarutdanninga og HR-feltet
Seniorkonsulent knytt til forskarutdanninga og HR-feltet
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent - Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE
Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig eit vikariat i 100 % som seniorkonsulent knytt til forskarutdanninga og HR-feltet ved instituttet. Stillinga er ledig frå 1. februar 2024 til 31. desember 2024, med moglegheit for forlenging.
LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap og digital kultur og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 70 vitskapeleg tilsette ved instituttet, 40 ph.d.-kandidatar og postdoktorar og 15 personar knytte til administrasjonen.
Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet ved instituttet. Den administrative drifta av instituttet er eit lagarbeid og alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre oppgåver enn dei spesifikke funksjonane som er lagde til stillinga.
Personlege eigenskapar vil bli lagt tungt vekt på i tilsetjingsprosessen.
Næraste overordna er administrasjonssjef ved instituttet
Arbeidsoppgåver:
- Ha hovudansvaret for det administrative arbeidet knytt til instituttet si forskarutdanning og lokale forskarskular.
- Ivareta administrasjon av rekruttering, tilsetting, mottak og oppfølging av alle ph.d.-kandidatar og postdoktorar og avtaleverk knytt til dette.
- Rekruttering og tilsetting generelt ved instituttet, inkludert oppfølging av sakkunnige komitear for tilsetting og opprykk.
- Yte støtte til instituttleiar og forskingsleiar i arbeidet med forskarutdanninga og i oppfølging av ph.d.-kandidatane ved instituttet.
- Førebu saker til - og fungere som sekretær for instituttets forskings-, formidlings- og forskarutdanningsutval.
- Bidra til å utforme, implementere og følgje opp gode administrative prosedyrar og rutinar, og evaluerings- og kvalitetssikringsarbeid knytt til forskarutdanninga.
- Formidle aktiviteten på forskarutdanningsfeltet, mellom anna gjennom oppdatering og vedlikehald av nettsider.
- Drive sakshandsaming på feltet, mellom anna knytt til meldingar, rapporteringar og høyringssaker.
- Støtte opp om internasjonalt samarbeid.
- Delta i faglege nettverk.
- Arbeid i samband med innlevering av avhandlingar og disputasar ved instituttet.
Det administrative arbeidet knytt til både forskarutdanninga og HR-feltet krev god dialog og godt samarbeid med vitskapleg personale på alle fagområda ved instituttet, samstundes som fleire av arbeidsoppgåvene krev tett samarbeid med administrativt tilsette på andre arbeidsfelt. Det er såleis særleg viktig å oppretthalde gode kommunikasjonsliner og samarbeide på tvers av ansvarsområde.
Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei særskilte funksjonane som er lagde til stillingane deira, også måtte ta del i andre administrative oppgåver. Det kan verte aktuelt med nokre justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling.
Kvalifikasjonar:
Krav:
- Høgare utdanning på minst masternivå, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje.
- Relevant praksis.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer, og gode engelskkunnskapar.
- God IT-kompetanse.
I tillegg er det ein føremon med:
- Erfaring frå universitets- eller høgskulesystemet og offentleg forvalting.
- Kjennskap til ph.d.-utdanninga.
- God kjennskap til det studieadministrative arbeidsfeltet, program som Felles Studentsystem og ePhorte.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, fleksibilitet og sørvisinnstilling.
- God evne til koordinering av arbeidsoppgåver på tvers av administrative arbeidsfelt.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
- Evne til prioritering og orden i periodar med stort arbeidspress.
- Evne til å vise kollegial støtte og omsorg.
Ved vurderinga av søkjarane vil det verte lagt tung vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.
Vi kan tilby:
- Eit godt og interessant arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving.
- Løn etter lønssteg 57-62 (kode 1363 i statens regulativ) for tida frå kr 557 100 - 604 900,- i brutto årslønn i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd).
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Aleksander Morland ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, telefon +47 55 58 28 62 eller e-post Aleksander.Morland@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGA». Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Christiesgt. 18, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329913514
- Sist endret