Rådgjevar
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
- Frist 17.12.2023
Vil du vere NIBIO sin nøkkelperson i arbeidet med gardsøkonomi i Nord-Noreg?
Rådgjevar
Nøkkelinformasjon
NIBIO kan tilby den breiaste kompetanse i Noreg innanfor landbruksøkonomi, sirkulær bioøkonomi og forvaltning av økosystemressursar. Du vil vere ein del av eit spennande fagleg utviklingsmiljø. Arbeidet med driftsgranskingane er sentralt i avdelinga. I arbeidet med å konvertere skatterekneskap til driftsrekneskap vil du ha kontakt med både gardbrukarar og regnskapskontor. Resultata gir statistikk for den økonomiske utviklinga på gardsnivå. Vi forvaltar ein verdifull database som gir grunnlag for forsking og analysar av økonomien i norsk landbruk.
Stillinga er ei deltidsstilling på 60% og knytta til NIBIO sitt kontor i Tromsø. Heimekontor/ fjernarbeid kan vere mogleg, men ein må rekne med fleire og lengre opphald i Nord-Noreg.
Hovudoppgåvene til stillinga
- Vere nøkkelperson for driftsgranskingsarbeidet i Nord-Noreg, og som ein del av driftsgranskingsteamet jobbe med grunnlagsmaterialet til statistikken gjennom å konvertere/gjere om skatterekneskapet til driftsrekneskap
- Kartlegge og analysere utviklinga i landbrukets produksjonar og driftsformer i Nord-Noreg
- Ha kontakt med gardbrukarar som deltek i driftsgranskingane
- Delta i arbeidet med årleg publisering av statistikken
- Delta i- og leie ulike utredningsprosjekt innanfor landbruks- og matsektoren i landsdelen
Kvalifikasjonskrav
- Bachelor i økonomi innan rekneskap og revisjon
- God kjennskap til, og erfaring frå arbeid i landbruket i Nord-Noreg
- Erfaring som prosjektleiar
- God framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg (eller eit anna skandinavisk språk)
Det er ein fordel om du har
- Eit solid nettverk innan både offentleg og privat del av landbruksnæringa i Nord-Noreg
- Kunnskap om eigarskifte, skatt og avgift i landbruket
- Førarkort for personbil
Personlege eigenskapar
- Evner å jobbe både sjølvstendig og i team
- Bidreg positivt til eit godt samarbeidsklima
- Har ein arbeidsstil som balanserer nøyaktigheit med kvalitet og effektivitet
- Er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
- Er analytisk og arbeidar strukturert
Vi tilbyr
- Moglegheit til å jobba med eit viktig samfunnsoppdrag med fokus på berekraft og framtidsretta prosjekt
- Utfordrande, spennande og varierte oppgåver i tverrfaglege team
- Ein fleksibel kvardag med moglegheit til å påverka eigne arbeidsoppgåver
- Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer
- Ein raus personalpolitikk med velferdsordningar og fokus på dei tilsettes ulike livsfaser
Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativ som Rådgjevar kode 1434, lønssteg 57-69 (kr 557.100 - 679.700 pr. år). Løna vert vurdert etter utdanning og erfaring.
Medlemskap i Statens Pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og tilbod om bustadlån til ei gunstig rente.
Korleis søkja på stillinga
Søknad med CV sendar du elektronisk via lenkje på denne sida, "søk stillinga".
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.
NIBIO gjennomfører bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar via samarbeidspartnaren vår Semac AS.
Andre opplysingar
Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Som statleg verksemd har vi moglegheit til å gi ein positiv særbehandling for søkjarar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Positiv særbehandling inneber mellom anna at du lettare vil komma til intervju.
Les meir om dette her (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Kart og statistikkdivisjonen har delt inn den fagelege verksemda i sju fagavdelingar, med 106 medarbeidarar. Divisjonen skal bidra til utvikling av bioøkonomien gjennom å gi dokumenterbart beslutningsgrunnlag til forvalting, næringsliv og politisk leiing. Kjernekompetansen til divisjonen er innanfor økonomisk statistikk og analyse, ressurskartlegging og geomatikk. Divisjonen driv effektiv datafangst, standardisert og dokumenterbar dataforvalting, etterrettelege dataanalysar, samt brei formidling.
- Sted: Holtveien 66, 9016 Tromsø
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Regnskap, Samfunnsøkonomi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329010655
- Sist endret