Barne- og ungdomsarbeidar - Os ungdomsskule
Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule
- Frist 23.10.2023
- Ansettelsesform Engasjement
Barne- og ungdomsarbeidar - Os ungdomsskule
Har du sosialfagleg kompetanse innan barne- og ungdomsarbeidarfaget og vil vere med å leggje til rette for trivsel, meistring og læring for elevar? Os ungdomsskule har frå 01.12.23, ledig 76% stilling for barne- og ungdomsarbeidar i engasjement ut skuleåret 2023/24.
Vi søkjer deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring for alle, nærvær og fråvær og eit godt læringsmiljø.
Arbeidsstad
Os ungdomsskule ligg sentralt til i Os sentrum, har 60 tilsette og 483 elevar fordelt på 5-6 klassar på kvart trinn.
Elevtalet er aukande i åra som kjem.
Arbeidsoppgåver
Leggje til rette for positiv utvikling for alle elevar og setje i verk utviklingsstøttande tiltak.
Følgje opp enkeltelev i skulen.
Delta i planlegging saman med personalet.
Vere ein tydeleg vaksen.
Kvalifikasjonar
Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget eller kompetanse frå tilsvarande arbeid.
Erfaring frå arbeid med ungdommar.
God relasjonskompetanse.
Søkjarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Ønska kvalifikasjonar
Vi søkjer etter kloke og fagleg dyktige medarbeidarar som har evne til å skapa gode relasjonar til elevane. I tillegg til formell kompetanse, er vi opptekne av personlege eigenskapar:
Positiv, engasjert, lojal og støttande både i høve elevar, tilsette og samarbeidspartar.
Kan jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
Tydeleg og god på kommunikasjon.
Strukturert og systematisk, kreativ og løysingsorientert.
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Komprimert arbeidstid i 39 veker. Du vil dermed ha fri i elevane sin haust-, jule-, vinter-, og påskeferie og mesteparten av sommarferien.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger, Skoleassistent, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323248263
- Sist endret