Lærar restaurant og matfag.
Vestland fylkeskommune
- Frist 22.10.2023
Lærar restaurant og matfag.
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med Ca 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.
Vi søkjer etter lærar på restaurant og matfag i 50%, fast stilling.
Arbeidsoppgåver
Praktisk og teoretisk undervisning innan fagområdet restaurant- og matfag Vg1 og Vg2 .
Undervisning i tilrettelagte grupper innan RM.
Undervisning på vaksenopplæring eller kurs kan òg bli aktuelt.
Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter.
Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing.
Halde seg informert om utvikling i bransjen, samt ha god kontakt med bedrifter.
Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at elevane skal få læreplass.
Kvalifikasjonar
2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
Fagbrev som kokk eller eit av dei andre faga på programområdet.
Yrkeserfaring frå restaurant- og matfag.
Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning. Tilsetting kan skje på vilkår av at manglande fagleg og pedagogisk utdanning blir tatt.
Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
Du har stort engasjement for faget.
Du bidrar til elevanes faglege og sosiale utvikling.
Du er fleksibel og ser moglegheiter.
Å vere eigna for arbeid med ungdom med særskilte behov vil bli tillagt stor vekt.
Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elever og andre samarbeidspartar.
Vi tilbyr
Løn etter kvalifikasjonar.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling.
Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Branndalsmyra 61, 5353 Straume
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Kokk, Mat og servering, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
Lærer;, Restaurant, og, matfag
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322822323
- Sist endret