Badeverter
Austevoll kommune
- Frist 1.12.2023
Søkjer symjedyktig
Badeverter
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Austevollbadet ønskjer å vere Austevoll kommune sitt folkehelsefyrtårn. Gjennom veka forgår det mange aktivitetar i Austevollbadet. Vi tilbyr alt frå symjekurs og ulike treningstilbod for alle aldergruppar, i tillegg til badebursdagar og publikumstidene for bading.
Om stillinga
Vi søkjer badeverter som vil bli ein del av vårt team! Vi har ledig ein 50-80% fast stilling og stilling som ringevikar. Vi ønskjer at du oppgjer kva stilling du søkjer på i søknaden din.
Som badevert har du ansvar for sikkerheit, hygiene, reinhald og service. Arbeidstidene dine vil inngå i turnus, der ein må pårekne noko jobb på dagtid, men hovudsakleg vil vaktene vere om kvelden og i helgen. Stillinga krever ingen formell kompetanse ettersom naudsynt utdanning og praksis blir gitt til rett person.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Skape tryggleik og god stemning for gjestar og kollegaer
- Vakthald og vert for dei badande
- Yte god service til publikum
- Handtering av kasse og adgangssystem
- Forefallande reinhaldsoppgåver
Vi tilbyr
- Arbeid i eit prositvt og travelt miljø
- Livredningskurs og gjennomføring av prøve, og andre naudsynte kurs
- Spennande utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Stillingsprosent etter avtale
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!Austevollbadet ønskjer å vere Austevoll kommune sitt folkehelsefyrtårn. Gjennom veka forgår det mange aktivitetar i Austevollbadet. Vi tilbyr alt frå symjekurs og ulike treningstilbod, som symjing som mosjon og trening, for alle aldergruppar, i tillegg til badebursdagar og publikumstidene for bading.
- Sted: Prestanesvegen 51, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Kundeservice, Renhold
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322786161
- Sist endret