Klubbarbeidar på Radøy ungdomsklubb
Alver kommune
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du å arbeide med ungdom?
Klubbarbeidar på Radøy ungdomsklubb
Om stillinga
Det lysast ut ein fast 25 % stilling som klubbarbeidar med hovudbase på Radøy ungdomsklubb på Manger. Som klubbarbeidar arbeidast det for at Alver skal vere ein kjekk og trygg plass for ungdom å vekse opp.
Som klubbarbeidar arbeidast det på klubbkveldar, på aktivitetar i skuleferiar og på større arrangement i regi av avdelinga. Det arbeidast kvar torsdag på Radøy ungdomsklubb. I tillegg arbeidast det ein onsdag i månaden på Frekhaug ungdomsklubb. Begge klubbane har aktivitet kl. 14.30-20.00.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide på ungdomsklubb
- Planlegge og sette i gang aktivitetar for og med ungdom
- Arbeide på nokre større arrangement for ungdom på fredagar
- Arbeide på aktivitetar for born og unge i skuleferiar
- Marknadsføring, SOME
- Oppfølging av ungdom, samtaler
- Vere ein trygg voksen person
- Kioskarbeid
- Samarbeide med føresette
- Samarbeide i team med dei andre tilsette
- Samarbeide med dei andre klubbane i avdelinga
Om avdelinga
Klubbane høyrar til avdelinga Ung Alver under tenesteområde kultur. I avdelinga er det fem ungdomsklubbar, ungdomskoordinatorar og avdelingsleiar. Avdelinga arbeidar med forebyggande tiltak for ungdom, ungdomsklubbar, juniorklubb, med ungdomsråd, UKM, Mot og aktivitetar for born og ungdom i skuleferiar. Det blir arrangert store arrangement, kurs og aktivitetar for ungdom.
Kvalifikasjonskrav
- Barn og ungdomsarbeidar eller anna relevant høgare utdanning er ønskjeleg. Men ikkje noko krav. Erfaring frå ungdomsarbeid og klubbarbeid vert høgt vektlagt
- Sertifikat klasse B
Kven er du?
- Positiv og engasjert person som trivest med å arbeida for og med ungdom
- Løysningsorientert, fleksibel, kreativ og har gode samarbeidsevner
- Er ikkje redd for å ta i eit tak
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass saman med ungdomane
- Ein arbeidsplass der ein får utvikle seg, vere kreativ og vere aktiv
- Vere med å arbeide for at Alver skal vere ein kjekk og trygg plass for alle ungdomar å vekse opp
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
Det er krav om å levere godkjent politiattest for å arbeide i fritidsklubb jf. Politiregisterforskrifta §34-12.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Idrettsvegen 13, 5936 Manger
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321705115
- Sist endret