
Fysioterapeut 85% driftsheimel
Kvam herad
- Frist 19.10.2023
Fysioterapeut 85% driftsheimel
Hardanger Fysioterapi starta i Norheimsund i 1963 og har sidan1983 vore drive i si noverande form. Instituttet har i dag 2,35 driftstilskot, med brei praksis og kompetanse. Instituttet har lokale sentralt i Norheimsund og består av fire behandlingsrom, samt ein treningssal med utstyr for MTT. Instituttet har god pasienttilgong, eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid med legar, kollegaer i kommunen og andre samarbeidspartar.Driftsavtalen er ledig frå 01.01.24 då noverande innehavar vert pensjonist.
Tenestetilbodet innan ergo- og fysioterapitenesta er regulert i lov og forskrift. Kvam herad sin helse- og omsorgsplan gjev retning for tenestene. Noverande plan for ergo- og fysioterapitenesta er under rullering. Ved tildeling av driftsheimel gjeld ASA 4313 mellom KS og NFF.
Arbeidsoppgåver
- tilby og yta ei god fysioterapiteneste basert på kunnskapsbasert praksis i høve alder, diagnose og funksjonsnivå
- oppfølging av pasientar på arenaer som er nødvendig for god og heilskapleg behandling
- utøva fysioterapi på ein måte som fremjar aktiv behandling, samt gode og heilskaplege pasientforløp
Kvalifikasjonar
I vurderinga av kven som vert tildelt heimelen vert det lagt vekt på fagleg kompetanse, erfaring og personlege kvalifikasjonar som t.d. samarbeidsevne, evne til å driva sjølvstendig næringsdrift m.v., jf ASA 4313 pkt. 6.2 I helse- og omsorgsplanen er det eit overordna mål å skapa framtidsretta, fagleg forsvarlege og likeverdige tenester som sikrar befolkninga eit profesjonelt, tilgjengeleg og effektivt tenestetilbod. Helse- og omsorgstenesta i Kvam skal leggja til rette for at kvar enkelt kan ta ansvar for eiga helse gjennom fysisk aktivitet, sosialt fellesskap og tilrettelegging av eigen livssituasjon. Kvam herad skal nytta moglegheitsrommet som ligg i å dreia tenestene mot forebygging og mestring av eige liv. Søkjar må ha:
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Allsidig pasienterfaring frå institutt
- Erfaring frå sjølvstendig næringsdrift som fysioterapeut
- Interesse for å utvikla framtidsretta behandlingstilbod i samsvar med vedtekne planar og framtidas utfordringar. Spesielt gjeld dette tilbod til eldre, dei med muskel- og skjelettlidingar, psykosomatiske lidingar og innan opptrening/rehabilitering/habilitering
- Bidra positivt til å løysa felles oppgåver og arbeida etter gjeldande prioriteringsnøkkel i ergo- og fysioterapitenesta
- Evne til å samarbeida med andre fagmiljø i kommunen og delta på fellesarrangement for ergo-og fysioterpitenesta
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
- Kan arbeida kunnskapsbasert og synleggjera dette gjennom dagleg praksis
- Genuin interesse for å arbeida tverrfagleg
- Er løysingsorientert og bidreg til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
- Har god arbeidskapasitet og kan koordinera fleire oppgåver samtidig
- God relasjonskompetase
- Interesse for fagutvikling og å driva framtidsretta i eit langsiktig perspektiv.
Vi tilbyr
- Eit sterkt, engasjert og kunnskapsrikt fagmiljø
- Felles fagmøte og samhandling med heile ergo-og fysioterapitenesta
- Moglegheit for å jobba tverrfagleg med dyktige samarbeidspartnarar
- Jobb i eit veldrive og godt etablert institutt med fokus på fagutvikling
Tiltredande fysioterapeut må verta einig med avtroppande fysioterapeut om pris for overtaking av utstyr og vederlag for opparbeidd praksis, jf. ASA 4313, punkt 7
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger.
Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva bygda med bypuls , handlegate, strandveg og bystrand. Les meir
- Sted: Haugamyrvegen 30, 5600 Norheimsund
- Bransje: Helse og omsorg
Nøkkelord
driftshjemmel;, fysio
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321586575
- Sist endret