Butikkmedarbeider
Coop Marked Vistdal
- Frist 20.6.2023
COOP MARKED VISTDAL søker tilkallingshjelp og ferievikar for sommarsesongen 2023
Vi søkjer ein engasjert og blid medarbeidar som likar ein utfordrande og variert arbeidsdag. Du er oppteken av å gje god service, og bidreg aktivt til at kundane våre trivast. Som tilkallingshjelp/ ferievikar har du høve til å stille på kort varsel ved uventa fråvær i butikken, eller i høgsesongar og under ferieavvikling. I sommarsesongen vil arbeidsturnusen vere både på dagtid/ kveld og laurdagar.
Arbeidsoppgåver:
- Kundehandsaming
- Kasse
- Varemottak/ vareplassering
- Førefallande reinhald og rydding
Våre forventningar:
Du er hjelpsam og imøtekommande, og set alltid kunden først. Du jobbar effektivt og målretta, er fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø i butikken. Du må kunne godt norsk, både skriftleg og munnleg, og du må vere fylt 18 år.
Vi kan tilby:
Varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får god opplæring og høve til ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-kurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtalar. Vi har rabattavtaler for våre medarbeidarar.
Interessert?
Spørsmål om stillinga rettast til butikksjef Cornelia Mastereid-Nerligjerdet, tlf. nr. 979 95 131
Søknad og CV registrerast digitalt på: www.deibestefolka.no
Søknadsfrist: 20.06.2023
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Havnealleen 3, 6364 Vistdal
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
vistdal, eresfjord, molde, sommerjobb, butikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 305758170
- Sist endret
