Vi søkjer brannkonstablar
- Arbeidsgiver
- Bjørnafjorden kommune Brann og redning
- Stillingstittel
- Brannkonstablar
- Frist
- 11.04.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Har du eit ynskje om å styrke beredskapen i kommunen?
Som brannkonstabel møter man mange fysiske og psykiske utfordringar, i spanande arbeid med beredskap for lokal samfunnet. Er du den neste vi ser etter?
Bjørnafjorden brann og redning har ledig 4 faste stillingar og 1 vikariat til juni 2024 som deltidsbrannkonstabel ved beredskapsavdelinga i Eikelandsosen.
Bjørnafjorden brann og redning har omlag 60 heil- og deltidstilsette fordelt på tre stasjonar i kommunen. Stasjonane ligg på Moberg, i Eikelandsosen og på Venjaneset.
Vaktordninga er organisert med 4 vaktlag á 4 personar, som har heimevakt kvar 4. veke mandag til mandag. Øvingstimar pr år 58,5 timar (3% stilling).
Arbeidsstad
Brannstasjonen i Eikelandsosen.
Arbeidsoppgåver
- brannkonstabel ved brann, ulukke og andre redningsoppdrag
- systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse
- bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
- bidra til at Bjørnafjorden brann og redning er synleg og tilstades for innbyggjarane på ein god måte
- andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fagbrev eller anna relevant arbeidserfaring
- bustad i nærheiten av Eikelandsosen brannstasjon.
- utvida politiattest og helseattest
- god fysisk og psykisk helse
- førarkort minimum klasse B, du må ta klasse C for eigen rekning om du ikkje har dette frå før
- svømmedyktig
Det er ønskjeleg at du har:
- gjennomført yrkesutdanning for brannkonstablar i henhold til gjeldande reglar
- erfaring frå beredskapsarbeid
- røykdykkarkompetanse/erfaring
- førstehjelpskompetanse
- instruktørerfaring
- kode 160
- avtent førstegongsteneste
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til å vere fleksibel og løysingsorientert.
Mangfold
Bjørnafjorden Brann og Redning ønsker å gjenspeile mangfoldet i befolkninga. Alle kvalifiserte kandidatar oppfordrast til å søke stilling uavhengig av kjønn, alder eller etnisk bakgrunn.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 5
- Sted
- Mobergsbakken 111, 5200 Os
- Bransje
- Bil, kjøretøy og verksted,
- Annet
- Stillingsfunksjon
- Brannvern,
- Annet
Nøkkelord
brannstabel, deltidsmannskap, brann
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Brannmeistar Morten Moberg
- Telefon
- 954 15 915
- Kontaktperson
- Leiar beredskap/varabrannsjef Erik Walden
- Telefon
- 907 58 258
Mobergsbakken 111, 5200 Os