Utløpt

Vikarar i engelsk, historie og norsk

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Vikar
Frist
15.02.2023
Ansettelsesform
Vikariat

Knarvik vgs har 917 elevar og 170 tilsette. Vi har 4 avdelingar og jobbar for å tilby læring og vekst for alle.

Vi ligg sentralt plassert i Knarvik, lett tilgjengeleg med buss eller snøggbåt frå Bergen. 

 

Vi har behov for vikarar resten av skuleåret, i følgjande fag:

Engelsk

Historie

Norsk

Undervisninga vil vere i klassar på yrkesfag, studiespesialisering og Teknisk Allmennfag (TAF).

Vi vil i utgangspunktet at du har ein eller fleire faste klassar som du underviser resten av skuleåret. Du vil få tilgang til årsplaner og undervisningsopplegg. Vi nyttar mykje digitale læreverk og digitale ressursar ved skulen vår.

 

Arbeidsoppgåver

Undervisning

Fagsamarbeid

Vurderingsarbeid - her jobbar vi etter ny vurderingsforskrift der vi har fokus på vurdering som ein integrert del av opplæringa.

 

Kvalifikasjonar

Minimum årsstudium i faget du ønskjer å undervise i

Pedagogisk utdanning / PPU

 

Personlege eigenskapar

Du må like å vere i lag med ungdom og god på skape relasjonar! 

Tilpassa opplæring er viktig, vi har "læring og vekst for alle" som vår visjon.

Du må ha godkjent politiattest for å undervise i skulen. 

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariff

Vikarkontrakt i det faget/faga du blir tilsett i

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Juvikstølen 9, 5916 Isdalstø
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

engelsk,, norsk,, historie

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lisbeth Sjursen
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
97 98 57 91
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Juvikstølen 9, 5916 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 289751809
Sist endret 31. jan. 2023 15:17

Rapporter annonse