Utløpt

Sommarjobb i bank - noko for deg?

Arbeidsgiver
Sogn Sparebank
Stillingstittel
Kunderådgjevar i bank - sommarjobb
Frist
01.03.2023
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Me lyser ut sommarjobbar ved kontora våre i Sogn.

 

Arbeidsoppgåver

•     Bidra på vårt kundesenter i tillegg på avdelingane

•     Løyse saker for kundane raskt, trygt og personleg 

•     Rettleie kundane i banken sine digitale og sjølvbetjente løysingar

•     Delta i planlegging og gjennomføring av arrangement der banken er sponsor og skal ha ei rolle. 

•     Moglegheit for å delta på kommunikasjonsarbeid, salsaktivitetar og utadretta kundeoppfølging

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

•     Me søkjer deg som trivast i dialog med kundar, er blid og serviceinnstilt og løysingsorientert.

•     Du har interesse for banktenester og privatøkonomi.

•     Du er sjølvstendig, strukturert og har gode evner til å lære nye ting.

•     Du snakkar og skriv norsk og engelsk flytande.

•     Du har bestått 3-årig vidaregående skule og fullført eller påbegynt høgare utdanning.

 

Viktig når du søkjer:

•     Hugs å skrive kva periode du kan jobbe

•     Send søknad med CV så snart som råd og seinast innan 01.03.2022.

 

For rette kandidaten kan det verte mogeleg med forlenga engasjement.

For spørsmål og meir informasjon kan du kontakte leiar kommunikasjon og kundeopplevingar Ragnhild Skahjem Tofastrud tlf. 48001430  eller leiar privat og bedrift Alexander Dvergsdal tlf. 46864434

Om arbeidsgiveren

Sogn Sparebank er styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn.

Me kjenner lokalmarknaden vår og er ein nær medspelar for kundane våre, i tillegg til å tilby eit komplett produkt- og tenestespekter både for bedrifter og privatpersonar.

Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt område.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Antall stillinger
4
Sted
Helabrotet 1, 5745 Aurland
Flere arbeidssteder
  • 6884 Øvre Årdal
  • 6887 Lærdal
  • 6893 Vik i Sogn
  • 6856 Sogndal
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Kundeservice
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

rådgivning, kundeservice, forsikring, lokalbank, økonomi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ragnhild Skahjem Tofastrud
Stillingstittel
Leiar kommunikasjon og kundeopplevingar
Telefon
48 00 14 30
Kontaktperson
Alexander Dvergsdal
Stillingstittel
Leiar privat og bedrift
Telefon
46 86 44 34
Følg firma
19 følger dette firmaet

Helabrotet 1, 5745 Aurland

Annonseinformasjon

FINN-kode 289112228
Sist endret 2. mar. 2023 00:11

Rapporter annonse