Utløpt

Kvilande nattevakt

Arbeidsgiver
Bufetat
Stillingstittel
Kvilande nattevakt
Frist
13.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Ved Bjørgvin ungdomssenter og TFCO Bergen har vi ledig ein fast 72 % deltidsstilling som kvilande nattevakt. Ein kvilande nattevakt inneber at du kviler på arbeidsstaden og blir vekka ved behov. Vakta har noko innslag av vakjen tid, på starten og slutten av vakta.

Kvilende vakt vert godtgjort med 1/3 timelønn i tidsrommet 0000-0600 og derfor utgjer dette ein 35 % lønsteknisk stilling.

Vi tilstrebar ei lik kjønnsfordeling blant våre tilsette. Dette med bakgrunn i gitte føringar i Rettighetsforskrifta. På bakgrunn av dette oppmodar vi menn til å søkje.

Hos oss får du vere ein del av beredskapsplanen for TFCO Bergen og deira behandlingsheim. Du vil få opplæring og rettleiing av psykolog som har ansvar for behandlingsheimane. Du kan lese meir om TFCO Bergen her.

Bjørgvin ungdomssenter har to avdelingar som er lokalisert på Bønes i Bergen kommune. Vi tilbyr rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år, etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR). Målgruppa er ungdom med alvorlege åtferdsvanskar, herunder alvorlege og vedvarande rusproblem. Det blir lagt stor vekt på å få til eit godt samarbeid med ungdommen og den naturlege økologien til ungdommen. Sentralt i behandlingsarbeidet er at ungdommen skal opparbeide seg ferdigheiter for å handtere situasjonar som tidlegare har ført til rusbruk. Det er eit tett samarbeid med foreldre og andre viktige personar for å støtta ungdommen i endringsarbeidet. Rusbehandlinga byggjer på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv åtferdsterapi og sosialøkologisk teori. Behandlingsmodellen er under utvikling i eit spanande samarbeid mellom kvalitetssikrar i Nasjonal eining for behandling (NABE), Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU), Bjørgvin ungdomssenter og Jong ungdomsheim. 

Arbeidsoppgaver

Kva vil arbeidsdagen din bestå av?

  • Beredskap for TFCO, herunder målretta fagleg arbeid i tråd med TFCOs faglege retningslinjer.
  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar.
  • Delta på/ha ansvar for overlapping, praktiske oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga, forberede frukost og følgje opp kvelds- og morgonrutinar.
  • Motivera og engasjera ungdommane i positive aktivitetar.
  • Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, Inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
  • Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
  • Bidra til bruk av til dømes kartleggingsverktøy, utarbeida handlingsplanar og retningslinjer, rapportar og gjennomføra strukturerte samtalar og sikra medverknad.
  • Gjennomføre risikovurderingar og iverksette tiltak etter behov.

Kvalifikasjoner

  • Du har fullført høgskoleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi kan vurderast, fortrinnsvis med 60 studiepoeng relevant vidareutdanning.
  • Førarkort klasse B er naudsynt.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • God kunnskap i bruk av IT-verktøy
  • For studentar i relevant utdanningsløp krevjast det fullført minimum 180 stp.

Vi ønskjer også at du har:

  • Kjennskap til det teoretiske grunnlaget til behandlingsmetoden (læringsteori og kognitiv åtferdsterapi).
  • Kjennskap til Rettigheitsforskrifta og Traumebevisst omsorg.

Personlige egenskaper

Vi ser etter deg som;

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • er løysingsfokusert. er metodelojal.
  • er trygg i krevjande situasjonar.
  • er i stand til å etablere gode relasjonar og vera trygg i vaksenrolla.
  • er i stand til å handtere uventa hendingar på ein forsvarleg måte.
  • har evne til romslegheit, fleksibilitet og sjølvstende.
  • har toleranse for arbeidspress i ein hektisk kvardag.
  • er punktleg og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.
  • kan ta i mot og nyttiggjera deg rettleiing.

For oss er det også svært viktig korleis du som person passar til jobben. Dette vil bli tatt med i den totale vurderinga

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleier eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 435 600 - 563 500 pr. år (ltr. 45-61).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 493 700 - 593 500 pr. år (ltr. 53-64). 
  • 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 501 200 - 593 500 pr. år (ltr. 54-64).
  • Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tjenestepensjonsordning, tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

    Dessutan kan vi tilby:
  • Arbeid på institusjon med godt arbeidsmiljø og fagleg høg standard, med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Rettleiing.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit endå betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.


Opplysningar til deg som søker:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til enhet Atferd høy, avdeling TFCO med arbeidsstad Bjørgvin ungdomssenter.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.


Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.



Bufetat, region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Sektor
Offentlig
Sted
Bønesstølen 13, 5152 Bønes
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Sosionom,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marie Gading Klemetsen
Stillingstittel
Avdelingsleder
Telefon
90 78 60 49
Kontaktperson
Fredrik Melander
Stillingstittel
Leder
Telefon
46 61 89 76
Følg firma
4301 følger dette firmaet

Bønesstølen 13, 5152 Bønes

Annonseinformasjon

FINN-kode 289076817
Sist endret 26. jan. 2023 07:08

Rapporter annonse