Utløpt

Vil du jobba som personleg assistent i Ecura BPA?

Arbeidsgiver
Ecura
Stillingstittel
BPA assistent
Ansettelsesform
Vikariat

Ferievikarar for BPA

Sommaren 2023 treng vi ferievikarar for BPA i turnus, morgon, ettermiddag/kveld og helg, hjå ei jente på 19 år, i jenta sin heim i Evanger, vest for Voss sentrum. Søk gjerne snart, og seinast innan 30.03.

Mogelegheit for fleksi-/heil-/deltid. Det kan vera aktuelt med døgnvakter ved einskilde høve. Dersom du trivst hjå oss kan det vera aktuelt å tilby vidare tilsetting fast eller på tilkalling.

Jenta bur heime med familien sin, men vil etter kvart få eiga bueining i same hus. På sikt skal ho kunne bu der utan å trenge hjelp frå mor og sysken, men med høve til å vera i lag med dei etter ynskje. Som assistent hjå oss blir du også kjend med familien og med eit hus med mykje liv og røre.

Jenta treng rettleiing og hjelp til kvardagslege gjeremål knytt til personleg hygiene, klesvask, husstell, innkjøp, matlaging, og hjelp til å ta del i aktivitetar og ha ei aktiv fritid. Ho er glad i å drive med musikk og dans, sykle, gå tur med hund, lage mat, skrive, sjå film, trene, symje og mykje anna.

Det er viktig at du er punktleg, ryddig, fleksibel, og påliteleg, og det er fint om du er interessert i forming, språk, matlaging, musikk, song, dans, film og ulike aktivitetar

Oppgåvene vil mellom anna vera:

  • Personleg stell/dusj ved behov
  • Matlaging
  • Husarbeid
  • Handling
  • Ta del/hjelpa med aktivitet og trening
  • Turfølgje
  • Delta på kulturelle aktivitetar

Me ser etter deg som :

  • Er ein god omsorgsperson og ein trygg vaksen
  • Er god til å kommunisere
  • Både set pris på og kan skapa gode relasjonar
  • Er glad i musikk og dans – du kan gjerne synge og spele litt!
  • Likar å spele kort- og brettspel og drive med formingsaktivitetar
  • Trivst på kjøkkenet
  • Er ansvarsfull, sjølvstendig og pliktoppfyllande
  • Er kreativ og løysingsorientert
  • Er glad i å vera aktiv
  • Har evne til å skapa openheit, tillit og tryggheit


Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Det er ein føremon om du har sertifikat og evt. også disponerer bil. Jenta er tospråkleg, og arbeidsspråk kan vera norsk eller engelsk.

Ved tilsetting fast eller på tilkalling ynskjer vi at du ser for deg å vera personleg assistent over lengre tid.

Ved å søke på stillinga, godtek du at søknad og CV vert vidareformidla til arbeidsleiar i ordninga. Det er krav om politiattest før tiltreding.



Om arbeidsgiveren


Ecura er et resultat av flere selskaper som har slått seg sammen for å bygge et kvalitetsbasert norskeid helse- og omsorgsselskap hvor kompetanse og kompetanseutvikling er en av grunnstenene. Vi er nå Norges raskest voksende private helseforetak og sysselsetter ca 3 000 ansatte fordelt på ulike virksomhetsområder. Våre tjenester omfatter heldøgns tjenester for personer med særlige omsorgsbehov, veiledningstjenester og avlastning, brukerstyrt personlig assistanse (BPA), hjemmetjenester, vikartjenester for helsepersonell samt rusbehandling (Vangseter). Gjennom "Helsekursportalen" tilbyr vi nettbaserte helsekurs for helsepersonell. Konsernet har virksomhet i hele landet.



I Ecura jobber vi etter verdiene Endringsorientering, Omsorg (av latin Cura), Utvikling, Respekt og Ansvar. Vi skal gi omsorg med respekt og verdighet forankret i gode systemer. Derfor er vi ISO sertifisert både innen miljø, arbeidsmiljø og kvalitet. Som første helseforetak i Norge ble vi også sertifisert for ISO 27001; informasjonssikkerhet i 2020.


 

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
5707 Evanger
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Personlig assistent

Nøkkelord

BPA, Brukerstyrt, Personal assistanse, Assistent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elisabet Markan
Stillingstittel
BPA-rådgiver
Telefon
45 71 47 65
Følg firma
224 følger dette firmaet

5707 Evanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 288981672
Sist endret 30. jan. 2023 15:12

Rapporter annonse