Utløpt

Prosjektstilling 20% - velferdsteknologi

Arbeidsgiver
Ulvik Herad
Stillingstittel
Prosjektmedarbeider
Frist
05.02.2023
Ansettelsesform
Prosjekt

Om stillinga

Ulvik herad søker etter ein prosjektmedarbeidar innan velferdsteknologi i 20% stilling ut 2023.  

Stillinga er finansiert gjennom tilskotsmidlar.

Les kva helsedirektoratet skriv om velferdsteknologi her: https://www.helsedirektoratet.no/tema/velferdsteknologi

 

Oppgåver

-         Bidra til at velferdsteknologi takast i bruk og finne nye bruksområde for velferdsteknolgi i helse- og omsorgstenestene i Ulvik Herad.

-         Teknisk bistand til brukarar, opplæring.

-         Følgje opp kontakt med leverandør service/support

-         Etablere og følgje opp gode rutinar for feilsøking og retting av feil

 

Ynskja kvalifikasjonar

-         Du må være interessert i velferdsteknologi

-         Du må like å finne ut av nye ting og få ting til å fungere

-         Sjølvstendig og ansvarsbevisst

-         Gode kommunikasjonsferdigheiter

-         Erfaring frå arbeid med menneske

-         Utanning innan helse er ein fordel men ikkje eit krav

-         Relevant utdanning/erfaring frå IT er ein fordel men ikkje eit krav

-         Du må kunne uttrykke deg sjølv godt skriftleg og muntleg

-         Språkkunnskapar: norsk og engelsk

Søkjarar må kunne legge fram politiattest etter helse og omsorgstenestelova §5-4



Me kan tilby

-         Arbeidsplass med tilgang på kontor i nye moderne lokalar på Ulvik omsorgstun

-         Løn etter kompetanse og gjeldane tariff

-         Høve til å forme og påverke eigen arbeidskvardag

-         Spennande og framtidsretta oppgåver

-         Ein jobb i verdast vakraste bygd

Om arbeidsgiveren

Helse og omsorg i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, og dagtilbod. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.

Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Vi har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konserar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .
Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
5730 Ulvik
Bransje
Helse og omsorg,
IT
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations

Nøkkelord

Velferdsteknologi, Helseinformatikk, Eldreomsorg, hjemmetjenester, sykehjem

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torstein Kvåle Hellesnes
Stillingstittel
Ass. kommunalsjef
Mobil
40 00 71 36
Følg firma
20 følger dette firmaet

5730 Ulvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 288857194
Sist endret 7. mar. 2023 11:16

Rapporter annonse