Utløpt

Vil du bidra i vårt viktige arbeid med ungdom i Haugesund?

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Psykolog / Psykologspesialist - Vikariat i 50% stilling i eitt år
Frist
12.02.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Om stillinga og arbeidsstaden

Spesialiserte fosterhjem i Region vest, avdeling Haugesund, søkjer psykologspesialist / psykolog til eit vikariat i 50 % stilling i eitt år. Vi ønskjer ein engasjert og dyktig fagperson, primært med spesialitet i barne-, og ungdomspsykologi.

Psykologspesialisten / psykologen vil i samarbeid med leiinga og to andre psykologspesialistar, ha ei sentral rolle i utvikling og vedlikehald av faget i eininga. Det faglege grunnlaget for Spesialiserte fosterhjem i Region vest, har sitt utspring i tilknytingsteoriar, og ein jobbar målretta med traumebevisst omsorg, COS og EFST.

Spesialiserte fosterhjem i Region vest har 3 avdelingar, avdeling Vestland, avdeling Haugesund og avdeling Stavanger.

Spesialiserte fosterheimar skal særleg gi tilbod til ungdom som ikkje kan ivaretakast i ein kommunal fosterheim med styrking, og det er vurdert at ungdommen betre kan nyttiggjere seg eit familiebasert tiltak enn institusjon.


Arbeidsoppgåver/ansvarsområder

Det psykologfaglege arbeidet ved Spesialiserte fosterhjem i Region vest vil gje eit mangfald av faglege utfordringar innan det psykososiale feltet. Dette inneber samarbeid på tvers av fagområde og forvaltningsnivå.

  • Rettleiing og konsultasjon opp mot fagkonsulentane, koordinatorane og dei spesialiserte fosterheimane.
  • Vere ein fagleg støtteperson i det konkrete arbeidet rundt det enkelte barnet/den spesialiserte fosterheimen.
  • Vere med i vurderingar i samband med inntaksarbeid og rekruttering.
  • Vere ein samarbeidsperson opp mot aktuelle samarbeidspartar i det interne og eksterne fagmiljøet.
  • Vere ein del av det faglege utviklingsarbeidet i einingane.
  • Kunne delta og stå for undervising av tilsette og dei spesialiserte fosterheimane i einingane.

Kvalifikasjonar
  • Profesjonsutdanning i psykologi og godkjenning som psykolog.
  • For psykolog med godkjent spesialitet er det krav om spesialistgodkjenning.
  • Grunnleggjande kompetanse på traumefeltet.
  • God skriftleg framstillingsevne.
  • Relevante IKT-kunnskapar.

Det er ønskjeleg:

  • med erfaring frå arbeid med målgruppa barn, unge og familiar
  • med erfaring frå klinisk/terapeutisk arbeid
  • at du har erfaring frå å halde kurs og gje opplæring

Kven søkjer vi?
  • Vi søkjer deg som er ein sjølvstendig og erfaren fagperson med svært gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar.
  • Du kan handtere og ta initiativ til både overordna-, systemisk og individretta arbeid.
  • Du evnar å stå i krevjande situasjonar og oppgåver, og finn konstruktive løysingar, utan å miste det heilskapelege bildet eller målet.
  • Du ser på medarbeiderane som organisasjonens viktigaste ressurs, og du ønskjer å motivere og leggje til rette for at den enkelte kan få utnytte sitt potensiale.
  • Du har forståing for Bufetat sine oppgåver og kan sette desse inn i eit større samfunnsmessig perspektiv.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Kva får du hos oss?
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 psykolog med løn p.t. kr 563 500 - 701 300 pr. år (ltr. 61-73) eller i stillingskode 1304 psykolog med godkjent spesialitet, med løn p.t. kr 714 000 - 814 900 pr. år (ltr. 74-79).
  • Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse, jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Rettleiing og kurs som blir kravd for godkjenning/oppretthalding av spesialiteten.
  • Fleksitidsordning.

Vi kan også tilby:

  • Løyve til å trene ein time pr. veke i arbeidstida.
  • Fleksibel arbeidstid innanfor bestemte rammer.
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert fagmiljø.
  • Gode høver for kurs- og kompetansehevingsprogram.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda bedre tilbod, noko vi meiner har ein stor verdi i seg sjølv.

Opplysningar til deg som søkjer
  • Inkludering og mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ynskjer vi oss medarbeiderarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer, til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er p.t. lagt til Spesialiserte fosterhjem i Region vest, avdeling Haugesund.
  • Politiattest må fremleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.

Kontaktinformasjon

Einingsleiar Ingunn Folkestadås - tlf 46615594

Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik skal takast med ved eit eventuelt intervju eller leggast ved elektronisk.


Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Sektor
Offentlig
Sted
Haraldsgata 94, 5528 Haugesund
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog
Følg firma
4301 følger dette firmaet

Haraldsgata 94, 5528 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 288345459
Sist endret 20. jan. 2023 00:00

Rapporter annonse