Utløpt

ROP-eininga har ledig fast stilling som sjukepleiar, vernepleiar i opptil 80% på natt

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Vernepleiar, Sjukepleiar, fast stilling i opptil 80% på natt
Frist
15.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Som ein del av Helse Bergen si satsing på fagleg integrasjon psykisk helsevern og rusmedisin blir det oppretta eit spesialisert behandlingstilbod til pasientar med alvorlege rus- og psykiske lidingar. Ønsker å vere med å etablere eit nytt og spennande tilbod for denne pasientgruppa?  

ROP-sengeposten skal gi tilbod som inkluderer avrusing, stabilisering, utgreiing og behandling til pasientar med alvorlege rus- og psykiske lidingar. ROP-pasientane sin tilstand kan ofte karakteriserast som kronisk med svingande forløp, samstundes som stabile behandlingsrelasjonar er viktig. Dei fleste vil også ha behov for kommunale tenester, og god samhandling med kommunane blir derfor ei sentral oppgåve. Å utvikle gode overgangar mellom ulike fasar i behandlingsforløpa er vesentleg, mellom anna kontakt med pasientar og samarbeidspartnarar både før og etter innlegging i døgnposten. Teamet rundt pasienten skal arbeide recovery-orientert med ein heilskapleg tilnærming til pasientens kvardag der man er opptatt av bustad, arbeid og ei meiningsfull fritid. Rettleiing og kompetansebygging overfor andre blir også ein vesentleg del av oppgåvene, både i høve til andre einingar i spesialisthelsetenesta, og overfor kommunane. Den faglege profilen til sengeposten vil ha fokus på integrert behandling der pasienten får oppfølging for både sin rusavhengigheit og psykiske liding av same team. Fokus på somatisk helse og levevanar vil også vere ein svært viktig del av behandlinga.  

Sjå nettsida vår for meir informasjon om ROP-eininga og ROP-forløp i Helse Bergen. 

Sengeposten er lokalisert i Dr. Martens bygget på Sandviken-området og er ein del av Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen. Psykiatrisk klinikk er ein arbeidsplass med vel 750 tilsette som tilbyr spesialisert vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for vaksne over 18 år. Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn i psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt.  

ROP-sengepost har starta drifta i januar 2023 med ei dyktig personalgruppe med mykje kompetanse, engasjement og omsorg. Samtidig søkjar me etter flere dyktige fagpersonar i nattevaktsstillingar i opptil ca. 80% også med arbeid kvar tredje helg.

Det lysast ut følgande stillingar med med oppstart så snart som mogleg:


*  Sjukepleiar/ Sjukepleiar med relevant vidareutdanning 
*  Vernepleiar/ Vernepleiar med relevant vidareutdanning 
 
Inngåande søknader blir fortløpande vurdert og behandla.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar  
  • Observasjon og kartlegging av pasientars rusavhengigheit, psykiske og somatiske helse  
  • Bruk av fagspesifikke strukturerte observasjons- og kartleggingsverktøy  
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan  
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten  
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten  
  • Samarbeide med andre faggruppar  
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk  
  • Særleg ansvar for ivaretaking av somatiske prosedyrar og rutinar  
  • Medikamenthandtering

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel  
  • Relevant vidareutdanning vil vere ein fordel  
  • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse  
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar til eit positivt arbeidsmiljø  
  • Du kommuniserer og samarbeider godt  
  • Du er motivert, opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert  
  • Du er opptatt av at pasientane skal få god pleie, respekt og omsorg og ønsker å bidra i etableringa av eit tverrfagleg spesialisert tilbod til pasientgruppa  
  • Du har god relasjonskompetanse og forståing for korleis relasjon er ein viktig del av behandlinga  
  • Du arbeider strukturert, effektivt og målretta  
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team  
  • Du må takle stressande situasjonar  
  • Du må ønske og evne å motta rettleiing  
  • Personlege eigenskapar vil vektleggast

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb der du er med på utforminga av døgntilbodet til ROP-pasientar  
  • Varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar  
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst  
  • Fagutvikling og internundervising  
  • Moglegheit for hospitering hos relevante samarbeidspartnarar  
  • Kompetanseplan med vekt på valdsrisiko, traumeforståing, kognitiv miljøterapi, Motiverande intervju og kunnskap om rus- og psykiske lidingar  
  • Rettleiing  
  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø  
  • Opplæring i MAP - Møte med aggresjonsproblematikk  
  • Kompetente medarbeidarar  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling  


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Hatleveien 7D, 5038 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Sykepleier / Psykiatri,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

sykepleier,, vernepleier,, Natt,, Fast,, Psykiatri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristian Toppe Aarlie
Stillingstittel
Ass. seksjonsleiar
Telefon
97 61 74 75
Kontaktperson
Maria Hauser
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
98 49 21 75
Følg firma
2251 følger dette firmaet

Hatleveien 7D, 5038 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 287403091
Sist endret 2. feb. 2023 17:03

Rapporter annonse