Utløpt

Miljøkoordinator - Langhaugen vgs. 

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Miljøkoordinator - Langhaugen videregående skole
Frist
11.12.2022
Ansettelsesform
Fast

Opplæringsavdeling i Vestland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregående skular, fagskular, lærlingsordning og vaksenopplæring gir vi Vestland viktig kompetanse. Langhaugen videregående skole har ca. 630 elevar og omlag 80-90 tilsette i utdanningsprogramma for studiespesialisering, og musikk, dans og drama.

Frå 1.01.2023 har skulen ledig 50% stilling som miljøkoordinator. Miljøkoordinator sine arbeids- og ansvarsoppgåver er knytt til førebyggande, kontaktskapande og sosialpedagogisk arbeid. Langhaugen jobbar systematisk og målretta med eit trygt og godt skule- og læringsmiljø, der ein av avdelingsleiarane har det som eitt av sine ansvarsområde. Miljøkoordinator skal i samarbeid med avdelingsleiar vere sentral i vidareføring av dette arbeidet, og bl.a. vere ein pådrivar i arbeidet med å leggje til rette for aktivitetar for elevane

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å skape eit godt skulemiljø gjennom å utarbeide og gjennomføre tiltak til beste for elevane
  • Støtte elevane i læringsarbeidet
  • Stimulere og bidra til aktivt deltakande og engasjerte elevar til beste for fellesskapet
  • Vere til stades i kantine og aula når elevane har lunsj
  • Samarbeide med avdelingsleiar for elevtenestene

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning som barnevernspedagog, sosionom eller tilsvarande. Alternativt kan utdanning som barne- og ungdomsarbeidar vere relevant.
  • Andre typar utdanning og relevant praksis vil bli vurdert.
  • Erfaring frå miljøskapande arbeid
  • Erfaring frå arbeid med ungdom
  • God digital kompetanse, bl.a. i forma av ha kjennskap til bruk av sosiale medium.
  • I denne typen stilling vil personlege eigenskapar bli særleg vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Vere engasjert i og ha interesse for å arbeide med ungdom
  • Vere initiativrik
  • Vere trygg og sjølvstendig i vaksenrolla
  • Kunne etablere god elevkontakt for trygg og positiv samhandling
  • Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig i nært samarbeid med andre tilsette
  • Ha gode kommunikasjonsevner
  • Ha god pedagogisk forståing

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og godt elevmiljø
  • Eit triveleg arbeidsmiljø og godt arbeidsfellesskap
  • Nært samarbeid med avdelingsleiar for elevtenester
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i ein skule med mangfald og i utvikling
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

Andre opplysningar

  • Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
  • Arbeidsåret følgjer skuleruta.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule, må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med avdelingsleiar for elevtenester eller rektor.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Hagerups vei 17, 5093 Bergen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Sosionom

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Camilla Skrede Johannessen
Stillingstittel
Avdelingsleiar for dans, kroppsøving og elevtenester
Telefon
45 61 53 04
Kontaktperson
Tore Tveit
Stillingstittel
rektor                        
Telefon
40 48 36 13
Følg firma
1065 følger dette firmaet

Hagerups vei 17, 5093 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 282146952
Sist endret 24. nov. 2022 09:21

Rapporter annonse