Utløpt

Vi ser etter deg som har stort engasjement og eit hjarte for ungdom

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Miljøterapeut helgestilling
Frist
11.12.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Informasjon om stillinga og arbeidsstaden

Ved Stavanger akuttsenter er det ledig helgestilling  i 20,99 % som miljøterapeut. Stillingen er i turnus, med p.t. hver tredje helg, lørdag og søndag.

Stillinga er for tida lagt til avdeling Røyneberg, og er ledig frå 01.01.23.

Ungdomane du skal hjelpe, kjem i ei kritisk stund i eige liv. Vil du hjelpe dei? Vere der for dei når det gjeld som mest? Gje dei omsorg og varme, tryggleik og forutsigbarheit i timane, dagane og vekene som kjem? Viss du finn meining i dette, og har eigenskapane, utdanninga og erfaringa som skal til, så kan dette vere rette jobben for deg.

Det å jobbe i akutten byr på spennande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi set kvalitet høgt, har et godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.

Vi ønskjer å oppnå ei lik kjønnsfordeling blant tilsette på våre institusjonsavdelingar. På bakgrunn av dette oppmodar vi særskilt menn til å søkje. 

Stavanger akuttsenter tek imot ungdom plassert etter Lov om barneverntenester §§4-6, 4-12 og 4-25 jf. 4-24. Vi har tre institusjonsavdelingar med plass til totalt 12 ungdomar i alderen 13-18 år. Ungdomane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklart, med eit mål innan 28 dagar. Opphaldet i institusjonen skal bidra til utgreiing og kartlegging i forhold til eventuelle vidare tiltak.

Senteret har og 83 beredskapsheimar fordelt på to avdelingar - ein i Haugesund og ein i Stavanger. Vi bistår heile Rogaland og tek i mot ca. 350 barn i året.


Kva vil arbeidsdagen din bestå av?
  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar.
  • Til ein kvar tid halde seg oppdatert på bebuarane sine handlingsplanar og retningslinjer. Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
  • Motivera og engasjera ungdomane i positive aktivitetar, samt bidra til at bebuarane får delta og oppleva tryggleik og trivsel mens dei bur hos oss.
  • Delta på og ha ansvar for inntak, overlapping og praktiske oppgåver, forberede måltider og følgje opp morgon- og leggjerutinar.
  • Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
  • Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga. 

 


Kva slags bakgrunn har du?
  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
  • Søkjarar med anna  bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 studiepoeng relevant vidareutdanning.
  • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • God fysisk og psykisk helse.
  • Krav om førarkort for personbil kl. B.

Det er ønskjeleg at du har:

  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • Kjennskap til Rettigheitsforskrifta.

Personlege eigenskapar
  • Vi søkjer deg som vert motivert av ansvar, arbeider sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdomane og deira behov.
  • Du må ha evne til å oppretthalde ein god struktur, eit fagleg perspektiv og å samarbeide i team.
  • Du er fleksibel og trivst med store utfordringar, og du har evne til hurtig omstilling.
  • For deg er medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.

Kva får du hos oss?
  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1489 miljøterapeut eller 1508 vernepleiar:  p.t. kr 435 600 - 563 500 pr. år (ltr. 45-61).  
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut: p.t. kr 493 700 -  593 500 pr. år (ltr. 53-64) eller 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog: p.t. kr 501 200 - 593 500 pr. år (ltr. 54 - 64).
  • Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån på konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Dessutan kan vi tilby:

  • Gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
  • Eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Kontaktinformasjon

Avd.leiar Monica Gravdal tlf 46619483 epost : monica.gravdal@bufetat.no

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.


Opplysningar til deg som søkjer
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Stavanger akuttsenter, avd. Røyneberg.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drive etatens institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og deira familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor
Offentlig
Sted
Marknesringen 48, 4052 Røyneberg
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Omsorg og sosialt arbeid
Følg firma
4296 følger dette firmaet

Marknesringen 48, 4052 Røyneberg

Annonseinformasjon

FINN-kode 282052035
Sist endret 23. nov. 2022 12:49

Rapporter annonse