Utløpt

Fast 55% stilling på natt for sjukepleiar 

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Fast 55% stilling på natt for sjukepleiar
Frist
26.12.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Avdeling for rusmedisin består av fem døgnseksjonar, ein seksjon for forsking, ein LAR seksjon, ein ambulant seksjon og to poliklinikkar. 

Seksjon Askøy er ein døgneining for stabilisering og døgnbehandling og held til i moderne, flotte lokale kun ein halv times køyretid frå Bergen sentrum. Det er òg godt båt- og bussamband til Askøy. Seksjon Askøy tar i mot ruspasientar med samansette problem. Vi har 12 senger for elektiv behandling av menn med rusproblem, der ein mellom anna jobbar med indivuell tilnærming og gruppeterapi. Her er det òg ein brukarstyrt seng. I tillegg tilbyr vi stabiliseringsopphold for kvinner og menn i ei ening på 13 senger. Gjennom behandlingstilboda våre ønsker vi å legge til rette for utforsking av nye meistringsopplevingar, og at den enkelte kan finne tilbake til eit godt daglegliv. Eit viktig fokus i behandlinga er også å legge til rette for vidare meistring etter innlegginga. Dette kan innebere samarbeid med hjelpetiltak, utarbeiding av Individuell plan og/eller tilvising til vidare behandling.

Seksjon Askøy har ledig fast 55% stilling for sjukepleiar, for tida med arbeidstid på natt, med arbeid i snitt kvar tredje helg. 

Tiltredelse vil skje etter nærare avtale. 

Helse Bergen ønsker som hovudregel å tilby fulle stillingar. Dersom du ønsker full stilling, kan du få dette ved delt stilling ved Bemanningssenteret i føretaket. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar på sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Stillinga i Bemanningssenteret blir tilpassa arbeidsplanen ved avdelinga og ein vil kunne få dag/kveldsvakter om ønskeleg.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver og generell pasientoppfølging

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring med arbeid innan rusbehandling og/eller psykisk helsevern er ein fordel 
  • Gode språkkunnskapar er helt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknaden

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og saman med andre
  • Du tåler å stå i krevande situasjonar

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Godt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haugane 8, 5307 Ask
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier

Nøkkelord

sjukepleiar,, sykepleier,, nattstilling,, rusmedisin,, Askøy

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vibeke Handeland
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
56 15 51 60
41 66 32 04
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haugane 8, 5307 Ask

Annonseinformasjon

FINN-kode 281925206
Sist endret 5. des. 2022 13:27

Rapporter annonse