Utløpt

Ynskjer du ein givande og variert arbeidskvardag? Eg søker personleg assistent

Arbeidsgiver
Mio BPA
Stillingstittel
Ynskjer du ein givande og variert arbeidskvardag? Eg søker personleg assistent
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MIO BPA AS

Vil du vera med å legga til rette, sånn at eg kan vera ein aktiv deltakar i samfunnet og familien? Eg treng personlege assistentar som kan tilrettelegga i det daglege, i ein passe vanleg kvardag hos ein passe vanleg familie.

Det er mellom anna behov for assistanse til

  • matlaging
  • husarbeid
  • kontorrelatert arbeid
  • handling
  • trening
  • bilkøyring
  • korte og lengre reiser

Har du god ordenssans og auga for detaljar? Sånn at me saman kan få til dei nydelegaste brettekantane og halde orden i skuffer og skap. Har du støv på hjernen, og elskar å svosja over golva med moppen? Då preikar me same språk. Dersom du i tillegg er omsorgsfull, effektiv og har gode evner til å kommunisera, er du akkurat den eg ser etter.

Høyres dette ut som ein givande jobb du kan tenkja deg å ha i lang tid? Send meg ein søknad, så kan me bli betre kjent. Skriv litt om deg sjølv og kvifor du kan gjera ein god og verdifull jobb. Kva kan du tilby meg? Sjølv er eg ei travel, ung kvinne, med mange prosjekt på gong. Med ein god assistent på laget, kan eg leva det livet eg vil. Kanskje me kan treffast til intervju? Dersom du stiller med motivasjon og arbeidsvilje, stiller eg med julakaker.

I tillegg til å ha hus og heim, er eg yrkesaktiv, for det mesta frå heimakontor. Eg ser difor etter deg som kan vera del av både fritid og jobb. Korleis assisterer ein på jobb, tenkjer du kanskje. Eg gjer jobben sjølv, men treng litt tilrettelegging undervegs. Kanskje du kan kopiera eller arkivera noko for meg? Her kjem ordenssansen din til sin rett. Og så kan du notera og lesa høgt ved behov. Det er verdifull tilrettelegging i ein travel arbeidskvardag.

Tidvis blir det noko reiseverksemd i samband med jobb. Er du ein assistent som kan vera med på det? Ein fleksibel assistent som kan vera med på reise er ekstra kjekt, men ikkje naudsynt, så send meg ein søknad uansett.

Me skal samarbeide tett og god kjemi blir difor sterkt vektlagt, slik at me kan ha det kjekt saman på jobb. Det er likevel nokre formalitetar som må vera plass.

Du må

  • ha plettfri vandel og senda inn gyldig politiattest
  • meistra norsk skriftleg og munnleg, gjerna nynorsk
  • ha førarkort klasse B

Arbeidstid

Eg har behov for deg på dagtid, ettermiddagar og kveld, samt i helger og nokre heilagdagar. Første vakt på morgonen startar stort sett klokka sju. Kveldsvakta sluttar som oftast klokka 21. Vaktene dine blir lagt inn i ein turnusplan. Saman finn me ei god løysing på arbeidstidene dine.

Om Mio BPA som arbeidsgjevar

Eg vil vera din næraste leiar og arbeidsgjevaransvaret ligg hos Mio. Les meir om Mio BPA her: https://mio.no/bpa/

Mio tilbyr:

  • ein givande jobb
  • teoretisk og praktisk opplæring
  • relevante kurs
  • oppfølging og samarbeid med BPA-koordinator og arbeidsgjevar
  • gode og ryddige vilkår for lønn og tilsetting

Om arbeidsgiveren

Mio BPA er en av Norges største BPA-leverandører. Vi har lang og bred erfaring, og kan levere

tjenester i 95 norske kommuner. Vi har som mål å levere Norges beste BPA-tjenester, og tilbyr skreddersydde BPA-løsninger i henhold til den enkeltes behov. Det er viktig for oss å kunne gi våre kunder den aller beste tjenesten og at vi er den beste arbeidsplassen for våre medarbeidere. Mio BPA er en del av Mio-konsernet som er 100 prosent norskeid.

Sektor
Privat
Antall stillinger
3
Sted
5416 Stord
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Personlig assistent,
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier,
Omsorg og sosialt arbeid

Nøkkelord

Brukerstyrt personlig assistent, Kundeservice, Omsorg, Helse, BPA

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eydis Bjerg
Stillingstittel
Rekrutterer
Følg firma
2209 følger dette firmaet

5416 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 281210154
Sist endret 3. feb. 2023 11:50

Rapporter annonse