Utløpt

Sjukepleiar 50% fast, demensavdeling Sundheimen

Arbeidsgiver
Øygarden kommune Sundheimen
Stillingstittel
Sjukepleiar 50% fast, demensavdeling Sundheimen
Frist
11.12.2022..
Ansettelsesform
Fast

Sjukepleiar/vernepleiar 50 % fast, demensavdeling på Sundheimen

 

Om eininga:

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 10 pasientar. Sundheimen har i hovudsak langtidspasientar.

Vi søkjer ein kollega som trivst og lukkast med å skape gode profesjonelle relasjonar og som har evne til å tenke helhetlig. Vi legg til rette for bruk av verktøy også innanfor vurderingskompetanse. Vi har mange fagområdar som krev ressurspersonar som er engasjert og tar ansvar. Om du har noko du brenn for, så skriv gjerne noko om dette i søknaden din. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg og pleie til våre bebuare
  • Sjukepleiarfaglege oppgåver
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Delta i avdelingens daglege arbeidsoppgåver, være ein god rollemodell og bidra for å opprettholde vårt gode arbeidsmiljø
  • Leie legevisitt og oppfølgingsarbeidet
  • Være primærkontakt for ein eller fleire bebuare
  • Medvirke til systematisk HMS- arbeid
  • Bidra og være ein inspirerande veiledar for studentar/lærlingar/andre

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg 

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå kommunale helsetjenester vil være ein fordel, men og kompetanse frå sjukehus og institusjonar er relevant
  • Har du videreutdanning i tråd med einingas behov, så verdsettes det
  • Om du ønsker å jobbe på sjukeheim og er nyutdanna er du og velkommen til å søke 

 

Eigenskapar:

  • Vi ønskjer ein kollega som er kompetent, open, påliteleg og engasjert 
  • At du har interesse for geriatri og aktivt og omsorgsfullt bidrar til at våre bebuare får en trygg og god hverdag.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Du er open for nye utfordringar
  • Evne til å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • Fleksibel
  • Målbevisst og resultatorientert
  • Bidar til å opprettholde det gode arbeidsmiljøet vi har på sjukeheimen og i avdelinga

 

Vi tilbyr:

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Meiningsfylte arbeidsdagar 
  • Fokus på og gode muligheter for fagutvikling
  • Måltettet kvalitets- og forbedringsarbeid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift inkluderande arbeidsliv
  • Gratis parkering

 

Anna:

  • Sundheimen har årsplan med 16 helger per år
  • Stillinga kan aukast med timebank
  • Rekrutteringstillegg for sjukepleiar og vernepleiar i fast turnus 

 

Kontakt:

Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no

Avdelingsleiar: Ann-Magritt Gamlemshaug 56160400/ 97501368 ann-magritt.gamlemshaug@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

Om arbeidsgiveren

Sundheimen , lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 10 pasientar. Sundheimen har både korttids og langtidspasientar.

Sektor
Offentlig
Sted
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ann - Magritt Gamlemshaug
Telefon
56 16 04 00
Kontaktperson
Janne Thode
Telefon
56 16 04 00
Følg firma
323 følger dette firmaet

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 278710826
Sist endret 29. nov. 2022 14:47

Rapporter annonse